Korthaleknøttyrann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Korthaleknøttyrann
Korthaleknøttyrann
Korthaleknøttyrann
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Korthaleknøttyrann
Utbreiinga av Korthaleknøttyrann
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Tyranni
Infraorden: Tyrannida
Familie: Tyrannfamilien Tyrannidae
Slekt: Myiornis
Art: Korthaleknøttyrann M. ecaudatus
Vitskapleg namn
Myiornis ecaudatus

Korthaleknøttyrann, Myiornis ecaudatus, er ein fugl i tyrannfamilien. Han er den minste medlemen av familien og dessutan den minste sporvefuglen på jorda. Berre den nærskylde svartkroneknøttyrann kan vise liknande liten storleik. Korthaleknøttyrann er utbreidd over det meste av regnskogen i Amazonas i nordlege og sentrale Sør-Amerika.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Korthaleknøttyrannen er verkeleg ein pygmé av ein fugl, med berre ei handfull av dei minste kolibriartane måler mindre. Den gjennomsnittlege lengda er 6,5 cm og vekta i gjennomsnitt på 4,2 gram. Jamført med kroppsstorleiken er halen svært kort, nær ikkje-eksisterande, hovudet stort og nebbet langt. Oversida er olivengrøn, vengene er mørkare og kantane på svingfjørene er i klår gul farge. Vengebanda er utydelege. Undersida er lys med gultone. Han har grått hovud og kvite augeringar som går ut i ein strek mot overnebbet. Kjønna er like. På grunn av den korte halen blir han sjeldan forveksla med andre tyrannar, i flukt oftare tatt for å vere eit stort insekt.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Han føretrekkjer å ta byttedyr ved plukke dei frå undersida av bladverk på middels høgde i trea. Rørslene i lufta er som insekt i samanlikning, og dei brå rørsleendringane blant desse dvergane gjer dei vanskelege å følgje med auga, sjølv ein oppdagar dei. Desse fuglane vil òg tidvis kaste seg i lufta og fange insekt i lufta etter lang stillesitjing.

Korthaleknøttyrannar kan etterlikne songar av sirissar og froskar.

Reiret er stort for storleiken på fuglen, ballforma med sideinngang, bygd av mose og anna plantar. Det kan liggje 1-8 meter opp i treet, og aldri i nærleiken av trekrona. Dei to egga er kvite, med kanelfarga flekker.

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Korthaleknøttyrannen har utbreiing som spenner over det meste av Amazonas og nordlege og sentrale Sør-Amerika. Dei er tilstades i Bolivia, Brasil, Colombia, Ecuador, Fransk Guyana, Guyana, Peru, Surinam, Trinidad og Tobago og Venezuela.[1]

Denne fuglen har habitat i fuktige skogar med høge tre, men er òg påvist i meir ope skogsterreng, spesielt ved glenner og skogsranden. Han er ganske vanleg gjennom det meste av utbreiingsområdet sitt, men kan vere vanskeleg å observer mellom anna på grunn lætet som ikkje skil seg mykje frå andre naturlege lydar i habitatet.

Korthaleknøttyrannar lever mest parvis som standfuglar, berre sjeldan vandrar dei rundt med fleirartsflokkar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. « Myiornis ecaudatus . In: IUCN 2010. IUCN Red List of Threatened Species. Version 2010.4». BirdLife International tilgjengeleg frå <www.iucnredlist.org>. Henta 4.1.2012. 
  2. Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II, Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8