Koru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bregneskot som har gjeve opphav til forma «koru».

Koru (maori for 'krølla, samanrulla'[1]) er eit spiralmotiv som byggjer på forma til nye skot på trebregna Cyathea dealbata (ponga eller silver fern).

Tradisjonell bruk av motivet[endre | endre wikiteksten]

Døme på wharenui-mønster. Dette mønsteret symboliserer bølgjene etter wakaen.[2]

Forma står for nytt liv, gjenføding, vekst, styrke og fred.[3] Ho er rekna for å ha form som eit levande vesen med hovud, auge, kropp og hale. Koru er eit utbreidd symbol i maorikunst som utskjeringar i bein og stein, tatoveringar og dekorasjon av dekorerte samlingshus, wharenui. I samlingshusa dannar koruen grunnforma for mønsteret ein måler takbjelkane og gesimsane inni huset.[4] Innan tradisjonell tatovering (ta moko) står symbolet for avstamming og forfedrar, og motiv med fleire koruar som veks ut frå ein hovudkoru står for beraren sitt opphav.[5]


Nyare bruk av koru[endre | endre wikiteksten]

Den newzealandske kunstnaren Gordon Walters brukte korumotivet mykje i kunsten sin på 1960-talet. Hans minimalistiske tolking av koruen var nyskapande, men også kontroversiell i samtida, særleg ettersom han ikkje sjølv var maori.[4] Motivet blir i dag brukt i ei rekkje former for kunst, brukskunst og smykke, til dømes utskoren pounamu (greenstone).

Eit flaggforslag til New Zealand utforma av Friedensreich Hundertwasser i 1983 hadde ein grøn koru på kvit bakgrunn som symbol. Stiliserte korumotiv er brukt er brukt i logoar for Radio New Zealand, Air New Zealand og det newzealandske miljøverndepartementet, og elles som eit symbol på newzealandsk natur og planteliv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. John C. Moorfield (2010). «Māori dictionary». Te Aka Māori-English, English-Māori Dictionary and Index. Te Whanake. Henta 25. januar 2015. 
  2. «Reading Kowhaiwhai», maori.org.nz
  3. Te Ahukaramū Charles Royal (March 4, 2009). «Māori creation traditions». Te Ara - the Encyclopedia of New Zealand. New Zealand Ministry for Culture and Heritage / Te Manatū Taonga. Henta 25. januar 2015. 
  4. 4,0 4,1 «The Koru meaning – New life and harmony», mountainjade.co.nz, vitja 25. januar 2015.
  5. «Traditional Maori symbols and meanings», mountainjade.co.nz. Vitja 25. januar 2015.
*Elizabeth Knowles, red. (2005), «koru», The Oxford Dictionary of Phrase and Fable (2 utg.), Oxford University Press, ISBN 9780198609810 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Koru