Kosa Dvukh Pilotov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kosa Dvukh Pilotov
russisk коса Двух Пилотов
øy
Chukchi Sea5KDP.png
Plasseringa til Kosa Dvukh Pilotov utanfor Tynkurgin og Tynkergynpilgynlagunane.
Land Flag of Russia.svg Russland

Kosa Dvukh Pilotov
68°28′21″ N 178°4′59″ W

Kosa Dvukh Pilotov er ei lang og smal øy i Tsjuktsjarhavet. Ho ligg utanfor kysten av Tsjukotkahalvøya i Tsjukotka autonome okrug i Russland.

Øya er 52,5 km lang, men berre i snitt 1 km brei. Ho er ein lang sandbanke eller odde mellom Tsjuktsjarhavet og Tynkurgynlagunane (Тынкургын) og Tynkergynpilgyn (Тынкэргынпильгын). Desse er isdekte det meste av året.

Namnet Kosa Dvukh Pilotov (russisk skrift коса Двух Пилотов) tyder neset til to pilotar, og er oppkalla etter Carl Ben Eielson og Earl Borland som omkom her i ei flyulukke i 1929.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «ISLAND HISTORY», r207rrc.ru, henta 31. juli 2021