Kosakkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kosakk)
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.


Kosakkar (polsk Kozak, fleirtal Kozacy, russisk казак kazak, fleirtal казаки kazaki, ukrainsk козак kozak, fleirtal козаки kozaky) syner til ei folkegruppe som held til i Polen, Ukraina og i det sørvestlegelege Russland på grensa mot Kaukasus.

Den fyrste skriftlege kjelda som nemner kosakkane er dokumentet Codex Cumanicus, som ein trur vart skriven i perioden 1292 til 1295 (den eldste kjende kopien stammar frå 1303). Det finst fleire grupper kosakkar og opphavet deira er ikkje heilt klart. Dei kan vera av tartarisk avstamming, men det har òg vore spekulert i om dei har teke opp i seg skikkar frå mongolane som koloniserte Sentralasia og store område som no høyrer til Russland og Ukraina. Dei levde tidlegare i sjølvstendige samfunn med eit langt på veg desentralisert demokratisk styresett. Dei var eit krigarfolk som i stort mon livnærte seg med plyndring.Det er òg hevda at kosakkane tok etter skikkar frå dei skandinaviske vikingane. På same måte som vikingane har òg kosakkane ei historie der dei har kjempa på båe sidene av ein konflikt. Dei var likevel gode soldatar og utførte gjerne sine tjenestar mot god betaling. Dei har kjempa både for og imot Polsk-litauisk union, det russiske imperium og andre stormakter i området. Jamnleg var det likevel slik at fienden var mongoler-tatarer og tyrkarar. Nokre kosakkar var òg fiendar av Sovjetunionen og andre kjempa på tysk side under andre verdenskrigen. På motsett side stod nokre av Kuban-kosakkane, som var ein del av Den raude hæren. Kosakker generelt vart difor gjenstand for represaliar og deportasjon etter krigen, men fekk ein renessanse i Russland på 90-tallet. I lang tid har dei utmerka seg som strenge kristne av den russiskortodokse trusretninga, og slår gjerne ned på det dei meinar er umoral og blasfemi med fysisk vold.

Dei levde i områda rundt dei store elvene Volga, Dnepr og Donau og heilt vest til delar av Ukraina og Polen. Kosakk kjem frå tyrkisk og tyder «eventyrar», noko som truleg heng saman med at dei levde eit fritt og omflakkkande liv.

1500-talet gjekk dei over til Den russisk-ortodokse kyrkja og tok til seg delar av russisk kultur. Kosakkane var tospråklege og tala både tartarisk og russisk. Seinare gjekk dei i teneste hjå den russiske tsaren og spela ei avgjerande rolle i utvidinga av det russiske riket. Etter kvart mista dei meir og meir av sjølvstyret og gjekk over til til å leva av jordbruk og som leigesoldatar for tsaren. Medan mannfolka var i militærteneste tok kvinnene seg av arbeidet heime. Sjølv om kvinnene ikkje hadde formell makt var det dei som bestemte i heimen. Då han var ung var Leo Tolstoj soldat i Nord-Kaukasus, der han levde saman med kosakkane. Han har skildra livet til kosakkane i ein roman.[1]

Kosakkar i det moderne Russland[endre | endre wikiteksten]

Kosakkfenomenet (russisk: Kazachestvo) er atter ein del av samfunnsutviklinga i Russland, etter ein effektiv undertrykking av kosakkane under Sovjetunionen. Fenomenet har sine motsetningar: Kosakk-gruppane vart nemleg etablerte som ”ein stat mot staten”[2] utan eigentlege nasjonalgrenser. Seinare er desse gruppane gradvis inkorporert i den russiske føderasjon, og i 2018 er det nesten eit nasjonalsymbol for det å være russar. Mellom kosakkene sjølve, er det ofte diskusjon om fenomenet, og utsagn som ”registrert prostitusjon” (Jfr Kosakk-registeret i Russland) og ”sjukdom” førekjem.

Donkosakkar[endre | endre wikiteksten]

Donkosakkar (russisk донские казаки, Donskije Kazaki) er kosakkar som busette seg langs det midtre og nedre laupet til elva Don. Donkosakkene er utan tvil den største og mest legendariske kosakkgruppa, og truleg òg den mektigaste, mykje takka vera innsatsar i krig og korleis dei er vorte omtalte i litteraturen.

Terek-kosakkar[endre | endre wikiteksten]

Terek-kosakkar er ei undergruppe kosakkar som er busette i nordre Kaukasus, langs elva Terek, der namnet kjem frå.

Khopjor-kosakkar[endre | endre wikiteksten]

Khopjor-kosakker er busette langs elva Khopjor, som er ei sideelv til Don.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tolstoj, L., Казаки (Kosakkane), 1863.
  2. Hege Toje ”Governing mobilities”, ISBN 978-82-308-1735-3 side 11
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]