Kosjtsjej

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kosjtsjej måla av Ivan Bilibin

Kosjtsjej (russisk skrift Коще́й) er ifølge slavisk folkeminne ein mannleg antagonist som kidnappar kona til helten i soger. Ingen av dei kjende sogene beskriv utsjånaden hans. Illustrasjonar framstiller han derimot som ein veldig gammal og stygg mann. Namnet hans stammar truleg frå ordet kost (rus. кость, pol. kość), som tyder «bein» og kan tyde på at han har ein skjelettaktig utsjånad.

Kosjtsjej kan ikkje drepast ved å øydeleggje kroppen hans. Sjela hans er gøymd i ei nål, i eit egg, i ei and, som er i ein hare, som er i ei kiste nedgraven under eit grønt eiketre på øya Bujan ute på havet. Så lenge sjela hans er trygg, kan han ikkje døy. Om kista blir graven opp og opna, vil haren prøve å rømme, om han blir drepen, vil anda prøve å fly vekk. Den som endeleg får egget i si hand har Kosjtsjej i si makt.

Folkeeventyr[endre | endre wikiteksten]

Døden til Koschei den udødelege er eit russisk eventyr nedskrive av Aleksandr Afanasiev i Narodnye russkie skazki og teke med i The Red Fairy Book, ei bok i den serien av eventyrbøker med ulike fargar som den skotske poeten Andrew Lang gav ut, kjend under namnet Andrew Lang's Fairy Books.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kosjtsjej