Kosovokrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jugoslavia-krigane
War in the balkans kosovo 1999 3.jpg
Øydelagd landsby i Kosovo i 1999.
Dato Frå 1998 til 10. juni 1999[1]
Stad Forbundsrepublikken Jugoslavia, Kosovo
Resultat Jugoslaviske styrkar blei trekte ut av Kosovo, Nato og SN gjekk inn med fredsbevarande styrkar.

SN-resolusjon 1244

Partar
Flag of Yugoslavia (1992–2003); Flag of Serbia and Montenegro (2003–2006).svg Serbia og Montenegro UCK KLA.png UÇK
Flag of NATO.svg Nato (1999)
Tap
Forårsaka av UÇK:
Ukjend
Forårsaka av NATO:
1 002 soldater og politifolk drepne[2]
ca. 500 sivile drepne[3]
200 000 flyktningar (etter at dei serbiske styrkane trekte seg ut)
Nato:
2 ikkje-stridsrelaterte dødsfall[4]
2 stridsplan
UCK:
UCK-tap ukjend
ca. 10 000-11 000 sivile drepne
863 000 flyktningar
590 000 tvangsflytta (medan krigen pågjekk).[5]

Kosovokrigen var ein krig som blei utkjempa frå 1998 til 1999 i Kosovo og andre delar av dåverande Jugoslavia som ein del av Jugoslavia-krigane. Styresmaktene i dåverande Jugoslavia kjempa på den eine sida og kosovoalbanske geriljastyrkar og etterkvart også NATO-land og militære frå Albania kjempa på den andre.[6] Krigen ende med at det serbiske militæret trekte seg ut av Kosovo, at Kosovo erklærte sjølvstende frå Jugoslavia og Serbia og blei stilt under internasjonal administrasjon.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

1980-åra var prega av uro i Jugoslavia, også i Kosovo, der det blei reist krav om full republikkstatus. Etter store streikar og demonstrasjonar blei parlamentet i Kosovo omringa av stridsvogner, og forsamlinga blei tvinga til å godta endringar i grunnloven som Serbia kravde. Då nasjonalforsamlinga i Kosovo fremja krav om sjølvstende, blei ho oppløyst av dei serbiske styresmaktene. Frå 1990 var området fullt underlagt serbisk styre og kalla Kosovo-Metohija, som under kommunisttida.[7]

I løpet av 1990-åra utvikla kosovoalbanarane eigne parallelle statsinstitusjonar, og innbyggjarane boikotta serbiske val. Kosovo erklærte seg ein suveren stat og danna ei provisorisk regjering i 1991. Dette året blei også Frigjeringshæren for Kosovo (albansk Ushtria Çlirimtare e Kosovës, UÇK) skipa.[8] Denne gruppa opererte i og utanfor Kosovo på 1990-talet, og byrja i 1995 å utføra åtak og sabotasje mot ordensmakta i Kosovo, som politistasjonar. Etter eit opprør i Albania i 1997 fekk UÇK tilgang på store mengder våpen derfrå, og trappa opp verksemda si.

Teikning utført av eit barn som flykta frå Priština.
Brann i Novi Sad etter NATO-bombing.

Krigsutbrot[endre | endre wikiteksten]

Geriljakrigen førte til ei aukande mengd serbiske militære og paramilitære styrkar i Kosovo, som byrja ein gjengjeldingskampanje mot UÇK-sympatisørar og andre politiske motstandarar i 1998.[9] Mellom 1 500 og 2 000 stridande og sivile blei drepne i Kosovo i denne kampanjen, medan totalt 370 000 måtte flykta.[10][11] Rapportar om overgrep og etnisk reinsing gjorde at det internasjonale samfunnet og særleg NATO engasjerte seg.[12][13] Etter at forsøk på å få til ei diplomatisk løysing feila, gjekk NATO inn i konflikten i det alliansen kalla ein «humanitær krig».[14] Frå 24. mars til 10. juni byrja NATO-operasjonen Allied Force å bomba større byar i Jugoslavia.[15] Samstundes blei serbiske overgrep mot sivile kosovoalbanarar forsterka, og over ein million menneske blei drivne på flukt.[7]

Bombekampanjen heldt fram fram til juni. 3. juni blei det rapportert av den jugoslaviske nasjonalforsamlinga og president Slobodan Milošević gjekk med på ein internasjonal fredsplan støtta av USA, Russland og andre europeiske land. Avtalen omfatta avslutting av krigshandlingar, tilbaketrekking av alle jugoslaviske styrkar og spesialpoliti frå Kosovo, ei internasjonal fredsstyrke i Kosovo og framtidig sjølvstyre for området. [16] NATO ratifiserte avtalen den 10. juni og avslutta bombekampanjen.[17]

Etter krigen[endre | endre wikiteksten]

Irsk KFOR-patrulje i Kosovo.

Den NATO-leidde fredsbevarande styrken Kosovo Force (KFOR) gjekk inn i Kosovo 12. juni. Norske styrkar frå Hærens Jegerkommando og Forsvarets Spesialkommando var tidleg inne i landet, og skal ha vore blant dei første utanlandske styrkane i Priština.[18] Britiske, franske, tyske og amerikanske styrkar var dei største i KFOR. Styrkane var ikkje i stand til å oppretthalda ro og orden frå byrjinga av, og i maktvakuumet som oppstod blei det no utført omfattande overgrep mot kosovoserbarar, og mange av desse flykta frå Kosovo.[7]

Slobodan Milošević blei avsett som president i 2000 og seinare utlevert til Det internasjonale krigsforbrytartribunalet for det tidlegare Jugoslavia skulda for brotsverk mot menneskja i Kosovo. Han døydde i løpet av den fleire år lange rettsprosessen.

Etter langvarige internasjonale forhandlingar erklærte nasjonalforsamlinga i Kosovo sjølvstende den 17. februar 2008. Serbia meinte erklæringa var ulovleg, og Russland la fram saken for Tryggingsrådet i SN. Dei fleste andre europeiske land og USA støtta likevel sjølvstendet.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Operation Allied Force». 
  2. Ifølgje serbiske styresmakter: USA Today: Serbia marks 10th anniversary of NATO attacks
  3. Ifølgje Human Rights Watch: 2000; 2001
  4. «Two die in Apache crash », BBC World, 5. mai 1999
  5. Rapport til den internasjonale krigsforbrytardomstolen for det tidlegare Jugoslavia om talet på døde og flyktingar under krigen
  6. Benjamin S. Lambeth. NATOs Air War for Kosovo A Strategic and Operational Assessment, Page 53. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 «Kosovos historie». (19. januar 2015). I Store norske leksikon. Fri artikkel henta 27. april 2015.
  8. Reveron, 2006, pages 68–69
  9. Mincheva & Gurr 2013, p. 27–28
  10. «Under Orders: War Crimes in Kosovo (March–June 1999)». Human Rights Watch. 12 June 1999. Henta 25 February 2013. 
  11. Judah. The Serbs. Yale University Press. ISBN 978-0-300-15826-7. 
  12. http://www.chomsky.info/articles/200005--.htm
  13. Tanner, Marcus (20 April 1999). «War in the Balkans: The day the men of Bela Crkva died – Anatomy Of A Massacre». The Independent (London). Henta 25 February 2013. 
  14. «Endgame in Kosovo». The New York Times. December 9, 2007. Henta 6. mai 2012. 
  15. «THE CRISIS IN KOSOVO», hrw.org
  16. «Milosevic accepts peace plan, Finnish envoy says», CNN.com (3. juni 1999)
  17. Press statement by NATO Secretary General, NATO, 10 June 1999 
  18. «Norske elitesoldater skamroses», VG.no, 03.03.2000

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]