Kost og mask

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kost og mask-prøve av operaen No Exit med nokre få tilskodarar.

Kost og mask (kostyme og maske) er nemninga på ei prøve som vert gjort i samband med oppsettinga av ei ny teaterframsyning. Førebuingane er då kome så langt at framsyninga er så godt som klar til å presenterast for publikum, og kost og mask går ut på at skodespelarane spelar heile stykket med same sminke og påklednad som dei skal ha i framsyningane framover. Ofte er det tilskodarar til stades under slike prøver, og dei må finne seg i at framsyninga kan verte avbrote av regissøren som ynskjer å korrigere eit eller anna.

Den siste prøva før framsyninga vert presentert for publikum på ordinært vis, vert kalla generalprøve.