Kotelnyjøya

Koordinatar: 75°20′N 141°00′E / 75.333°N 141.000°E / 75.333; 141.000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kotelnijøya)

75°20′N 141°00′E / 75.333°N 141.000°E / 75.333; 141.000

Kotelnyjøya
øy
Land  Russland
Del av Anzjuøyane
Areal 23 200 km²
Folketal 0
Kart
Kotelnijøya
75°26′20″N 138°49′36″E / 75.438888888889°N 138.82666666667°E / 75.438888888889; 138.82666666667
Wikimedia Commons: Kotelny Island
Kotelnyjøya
Bunge Land
Faddejevskij
Kotelnyj/Faddejevskij/Bunge Land

Kotelnyjøya (russisk Остров Котельный) og Faddejevskijøya (О. Фаддеевский) er namn på to delar av ei øy i Anzjuøyane, ei undergruppe av Nysibirøyane i Russland. Dei vert ofte oppførte som to separate øyar på mange kart. Ei flat, lågtliggande slette knyter dei to delane saman. Denne sletta vert kalla Bunge Land (Бунге Земля; Bunge Zemlja).

Som ei enkelt øy er Kotelnyj/Bunge/Faddejevskij ei av dei 50 største øyane i verda.[1] Øyane høyrer til republikken Sakha og er nesten heilt folketomme.

  • Kotelnyjøya utgjer den største delen av gruppa med eit areal på 11 665 km². Ho er berglendt og det høgaste punktet er 374 meter over havet ved Malakatyn-Tas. Tsjukotsjia er ei elv som renn vestover og munnar ut i Laptevhavet. Det totale arealet på heile øya, inkludert Bunge Land og Faddejevskij er 23 165 km².[2]
  • Bunge Land ligg mellom Kotelnyj og Faddejevskij og er sandete og flat. Ho dekkjer eit område på 6200 km². Sidan ho berre ligg 2 til 12 meter over havet vert ho stundom oversvømd under stormflod, bortsett frå eit lite området sørvest på øya som ligg 11 til 21 meter over havet. Bunge Land er kalla opp etter den russiske zoologen og oppdagaren Aleksander von Bunge.[1]
  • Faddejevskij er ei stor halvøy som strekkjer seg austover. Trass i at ho er stor er ho relativt flat og det høgaste punktet er berre 65 meter over havet. Ho har eit areal på 5300 km². Faddejevskij er kalla opp etter pelsjegeren Faddehev som bygde den første busetnaden her.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Kotelnyjøya består av sedimentære bergartar og sediment frå tidleg paleozoikum til sein kenozoikum. Dei eldste bergartane er bergartar med forsteiningar, kalkstein og dolomitt frå ordovicium til tidleg devontid. Frå nyare devontid finn ein karbonhaldig bergartar med innlagra kalkstein, dolomitt, sandstein og konglomerat over det sedimentære laget. Laget frå permtida og juratida består av innlagra leirstein, siltstein og sandstein. Alle desse sedimentære bergartane er forkasta og folda i komplekse antiklinalar og synklinalar, med innslag av tynne gangar av grønstein.[3][4] Elveavleiringar frå Sediment frå kvartærtida til holocen som er frå 1500 til meir enn 55 000 radiokarbonår gamle ligg under elveterrassar i elvedalane til Balyktakh og Dragotsennaja. Tjukk permafrost har utvikla seg i desse avleiringane.[5]

På Bunge Land og den sørvestlege delen av Kotelnyjøya er det relativt lause sediment frå tidleg krittid til kvartærtid over folda og forkasta sedimentære bergartar. Dei eldste av desse sedimenta er leire, silt og sand frå tidleg krittid som inneheld konglomerat, tuff, tuffaktig sandstein, kol og på toppen rhyolitt. Sedimenta frå sein krittid ligg under elvesand frå eosen til pliocen og inneheld lag av leire, silt, grus, brunkol og forkola tre.[6]

Faddejevskijøya og Bunge Land består av lause sediment frå tidleg krittid til kvartærtid. Over desse sedimenta ligg elveleire og lakustrin leire og silt frå eosen som inneheld sjeldne leier av sand, brunkol og grus. I nord går desse sedimenta gradvis over til marin lerie med fossile muslingar. Eosensedimenta ligg under fossilhaldige, jordsand og marin sand frå oligocen til miocen som inneheld lag av leire, gjørme, grus og brunkol. Denne sanden var danne i elva, innsjøar eller i havet og over denne sanden ligg tilsvarande gjørme, silt og sand frå pliocen.[6]

Overflata av Faddejevskijøya og Bunge Land består stort sett av avleiringar frå kvartærtida. Eit lag av elve- og innsjøavleiringar frå sein kvartærtid til holocen dekker sentrale og sørlege delar av Faddejevskij. Avleieringa frå mellom - og sein kvartærtid dekker den nordlege delen av øya. Permafrosten er om lag 400-500 meter tjukk. Den sentral sletta på Faddejevskij har stort sett vorte endra av termokarstprosessar. Han inneheld djupe snitt danna av smeltinga av permafrosten om sommaren. Mange bajdzjarakhar, termokarsthaugar, ligg rundt i landskapet. Desse har oppståt som følgje av smelting av mangekanta iskiler i permafrosten.[7]

Vegetasjon[endre | endre wikiteksten]

Gras og tundra dekker heile Faddejevskij og det meste av Kotelnyj. Tundraen består av lågtveksande gras, siv, mosar, lav og levermosar. Desse plantene dekker det meste av overflata. Jordsmonnet er typisk fuktig, finkorna og ofte bakka.[8]

Dvergkratt og urtetundra dekker heile Bunge Land og den austlege delen av Kotelnyjøya. Denne typen tundra består av tørr tundra som dekkjer delar av overflata (20-80 %). Dei dominerande plantene er dvergkratt og urter som reinroser og tundravier (Salix arctica), som er mindre enn 5 cm høge. Lav er òg vanleg.[8]

Nærliggande øyar[endre | endre wikiteksten]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya vart offisielt oppdaga av den russiske jegeren Ivan Ljakhov med kjøpmannen Protodjakonov i 1773. I 1770 merka Ivan Ljakhov seg reinsdyrsspor som hadde retning austover over havisen. I 1773 oppdaga han og Protodjakonov Ljakohvskijøyane med båt ved å følgje same retning som desse spora. Vidare frå Ljakovskijøyane oppdaga dei Kotelnyjøya og kalla opp «Grytøya» etter ei kopargryte som dei fann her. Kven som vitja Kotelnyj og etterlet kopargryta er ukjend.[10] Tidlegare var denne øya kalla Thaddeusøya eller Thaddeusøyane på enkelte kart.

På oppdrag frå Semen og Lev Syravatskij utførte Jakov Sannikov fleire jakt- og kartekspedisjonar mellom 1800 og 1810. På ein av desse ekspedisjonane oppdaga han Faddejevskijøya. I 1809-1810 reiste Jakov Sannikov og Matvej Gedensjhtrom til Nysibirøyane på ein kartografisk ekspedisjon. Jakov Sannikov rapporterte om eit «nytt land» han såg nord for Kotelnyj i 1811. Dette var opphavet til det myteomspunne Zemlja Sannikova eller Sannikov Land.[10]

I 1886 meinte baron Eduard Von Toll at han òg hadde sett eit ukjent land nord for Kotelnyj og rekna med at det var det såkalla Sannikov land.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1911, New Siberia Archipelago
  2. Store Sovjetiske Leksikon
  3. Kosko, M.K., B.G. Lopatin og V.G. Ganelin, 1990, Major geological features of the islands of the East Siberian og Chukchi Seas and the Northern Coast of Chukotka. Marine Geology. vol. 93, s. 349–367.
  4. Fujita, K. og D.B. Cook, 1990, The Arctic continental margin of eastern Siberia, i A. Grantz, L. Johnson og J. F. Sweeney, eds., s. 289-304, The Arctic Ocean Region. Geology of North America, vol L, Geological Society of America, Boulder, Colorado.
  5. Makejev, V.M., D.P. Ponomareva, V.V. Pitulko, G.M. Tsjernova og D.V. Solovjeva, 2003, Vegetation and Climate of the New Siberian Islands for the past 15,000 Years. Arctic, Antarctic and Alpine Research, vol. 35, no. 1, s. 56-66.
  6. 6,0 6,1 Kosko, M.K. og G.V. Trufanov, 2002, Middle Cretaceous to Eopleistocene Sequences on the New Siberian Islands: an approach to interpret offshore seismic. Marine and Petroleum Geology. vol. 19, no. 7, s. 901–919.
  7. Andrejev, A. A., D. M. Petejet, P. E. Tarasov, F. A. Romanenko, L. V. Filimonova og L. D. Sulerzjitskij, 2001, Late Pleistocene Interstadial Environment on Faddeyevskiy Island, East-Siberian sea, Russia. Arctic, Antarctic and Alpine Research. vol. 33, no. 1, s. 28-35,
  8. 8,0 8,1 CAVM Team, 2003, Circumpolar Arctic Vegetation Map. Skala 1:7,500,000. Conservation of Arctic Flora and Fauna (CAFF) Map No. 1. U.S. Fish and Wildlife Service, Anchorage, Alaska
  9. Figurina
  10. 10,0 10,1 Mills, W. J., 2003, Exploring polar frontiers: a historical encyclopedia. ABC CLIO Publishers, Oxford, United Kingdom.