Kotlin

Koordinatar: 60°00′45″N 29°44′01″E / 60.01250°N 29.73361°E / 60.01250; 29.73361
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kotlin er avbildet øverst i venstre hjørne

Kotlin (russisk Котлин; finsk Retusaari) er ei øy i Russland som ligg i Finskebukta, 30-40 km vest for St. Petersburg i Austersjøen. Festningsbyen Kronstadt ligg på øya.

Øya har ei trekanta form og er om lag 12 km lang og 1,5 km brei. Aust på øya, som er den breie delen, ligg byen Kronstadt og fleire grunner strekkjer seg om lag 2 km vestover frå vestenden av øya til skjeret der fyret Tolbaaken står.

Øya deler dermed sjøvegen til St. Petersburg i to kanalar. Kanalen på nordsida er fylt med grunner som strekkjer seg frå Kotlin til Lisij Nos, medan den sørlege kanalen er smal på grunn av ei landtunge som stikk ut i sjøen på andre sida ved Lomonosov. Gjennom historia har dett sundet vorte strengt vakta med artilleri. Det vart bygd ein kanal gjennom grunnene langs sjøvegen til St. Petersburg i 1875-1885. I 2008 opna bilveg til øya via St. Petersburg-dammen frå nord til sør i Finskebukta. Han vart starta i 1980, men på grunn av den politiske uroa i 1990-åra stod han først ferdig i 2008.

Forureining[endre | endre wikiteksten]

15. november 2000 kolliderte to skip, eit 67 meter langt fryseskip kalla «Nortlandia» og eit 130 meter langt Panama-registrert lastefartøy kalla «E.W. McKinley». Dei slapp ut 3 tonn dieselolje utanfor Kotlin. Det mindre skipet sokk som følgje av kollisjonen. Utsleppet dekte eit område på 11 km² i hamna til Kronstadt.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Titova, Irina. «Kronshtadt Collision Sinks Ship», St. Petersburg Times, 17. november 2000, vitja 14. august 2008.

60°00′45″N 29°44′01″E / 60.01250°N 29.73361°E / 60.01250; 29.73361