Kotra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kotra
elv
Land  Belarus,  Litauen
Nedslagsfelt 2 010 km²
Lengd 109 km
Middelvassføring 12,8 /s
Kjelde 22 km nordaust for Varėna
Munning Neman
Kart
Kotra
53°33′53″N 24°02′36″E / 53.564722222222°N 24.043333333333°E / 53.564722222222; 24.043333333333

Kotra (litauisk Katra) er ei 109 km lang elv i Belarus og Litauen. Elva er ein del av eit sjeldan elvefenomen. Kotra byrjar der ei elv, som stundom vert kalla Pelesa, deler seg til Kotra og elva Ūla. Pelesa har sitt utspring i Belarus og renn nordvestover. Like etter grensa til Litauen, mellom landsbyane Paramėliai og Kazliškės 22 km søraust for Varėna, deler elva seg i to uavhengige elvar: Kotra, som er ei sideelv til Neman, og Ūla, ei sideelv til Merkys. Denne situasjonen oppstod på andre halvdel av 1800-talet, då Ūla grov seg gjennom vasskiljet mellom sitt eige og Kotra sitt nedslagsfelt. Dette auka nedslagsfeltet til Ūla med 410 km². To av Kotra sine tidlegare sideelver fører no vatnet sitt til Ūla. Desse prosessane har ført til at grunnvassnivået har minka og fleire store innsjøar har forsvunne i området.

Kotra renn sørvestover langs grensa mellom Belarus og Litauen i om lag 24 km og dei siste 85 km gjennom Belarus. Kotra renn langs den sørlege grensa av Čepkeliaisumpen, eit område omgjort til eit naturreservat. Då nedslagsfelta og grunnvassnivået endra seg vart 2 000 hektar av ope myrområde overgrodd av skog. Kotra og dei omliggande myrområda er eit internasjonalt viktig våtmarksområde. Varėna kommune etablerte eit 108,5 hektar stort reservoar for å verne dei naturlege omgivnadane rundt Kotra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]