Kottisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kottisk
Klassifisering: Jeniseisk
 Sørjensiseisk
  Kottisk-assanisk
Bruk
Var tala i: Flag of Russia.svg Russland
Språkkodar
ISO 639-3: zko

Kottisk (russisk Коттский язык) er eit utdøytt språk innanfor den jeniseiske språkfamilien som tidlegare vart talt i det sentrale Sibir langs breiddene av Manaelva, som er ei elv som renn ut i elva Jenisej. Språket døydde ut på 1850-talet.

Kottisk var nærskyldt med ketisk, som framleis blir snakka lengjer nord langs elva Jenisej.

I 1858 vart Matthias Alexander Castrén sitt verk Versuch einar jenissei-ostjakischen und kottischen Sprachlehre, ei kombinert grammatikk og ordbok, med dokumentasjon både om kottisk og ketisk, gjeven ut av Franz Anton von Schiefner). Castrén er hovudkjelda vår til kunnskap om kottisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]