Koutojärvi

Koordinatar: 66°7′0″N 23°29′40″E / 66.11667°N 23.49444°E / 66.11667; 23.49444
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koutojärvi er ei bygd og ein innsjø ved länsväg 398 i Hietaniemi socken i den søndre delen av Övertorneå kommun i Norrbottens län, Sverige. Koutojärvi ligg i Haparanda retningsnummerområde og har Hedenäset som poststad. Östen Mäkitalo, «mobiltelefoniens far», er fødd her, akkurat som brørne Walter (sosiolog) og Sture Korpi (politikar).

Innsjøen Koutojärvi ligg 84 meter over havet og er ein del av Keräsjokis sitt avrenningsområde. Koutojärvi har eit areal på 1,4 km².[1] Omtrent ein kilometer vest for Koutojärvi ligg den litt større innsjøen Penikkajärvi (6,3 km²).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

66°7′0″N 23°29′40″E / 66.11667°N 23.49444°E / 66.11667; 23.49444