Kowloon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kowloon
busetnad
Land  Folkerepublikken Kina
Areal 47 km²
Folketal 2 108 419  (2011)
Folketettleik 43 033 / km²
Tidssone Hong Kong Time (UTC+8)
Kart
Kowloon
22°19′00″N 114°11′00″E / 22.316666666667°N 114.18333333333°E / 22.316666666667; 114.18333333333
Plassering i Hong Kong
Plassering i Hong Kong
Plassering i Hong Kong
Wikimedia Commons: Kowloon

Kowloon (ˌkaʊˈluːn; tradisjonell kinesisk 九龍, kantonesisk Gáulùhng) er eit byområde i Hong Kong som omfattar Kowloon-halvøya og Ny-Kowloon. Det har kyst mot Lei Yue Mun-sundet i aust og grensar til bustadfeltet Mei Foo Sun Chuen og den tidlegare øya Stonecutter's Island i vest. I nord ligg ei fjellkjede som omfattar Tate's Cairn og Lion Rock, og i sør ligg Victoria Harbour med overfart til Hong Kong-øya. Kowloon har ein folkesetnad på rundt 2 millionar og ein folketettleik på 43 033/km2 (2006), og er det folkerikaste byområdet i Hong Kong. Halvøya har ein flatevidd på rundt 47 km².

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Kowloon» kjem frå omgrepet 'Ni drakar' som viser til åtte fjell og ein kinesisk keisar: Kowloon Peak, Tung Shan, Tate's Cairn, Temple Hill, Unicorn Ridge, Lion Rock, Beacon Hill, Crow's Nest og keisar Bing av Song.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kowloon ca. 1868, med gamlebyen frå Qing-tida og Lion Rock i bakgrunnen.

Den delen av Kowloon som ligg sør for Boundary Street blei saman med Stonecutters Island overgjeve av Qing-dynastiet til Storbritannia under Pekingkonvensjonen av 1860. I ei årrekkje var området stort sett uutbygd, og blei hovudsakleg brukt av britane til tigerjakt.[2]

Bygningar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fallon, Steve. (2006) Hong Kong and Macau. Lonely Planet Publishing. ISBN 981-258-246-0
  2. 10,000 Chinese Numbers. Lulu.com. s. 207. ISBN 9780557006212.