Kozjva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kozjva
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 9 560 km²
Lengd 194 km
Munning Petsjora
Kart
Kozjva
65°09′48″N 57°00′48″E / 65.16333333°N 57.01333333°E / 65.16333333; 57.01333333

Kozjva eller Bolsjaja Kolzja er ei elv i Republikken Komi i Russland og ei av sideelvane til Petsjora frå venstre.

Ho er 194 km lang og har eit nedslagsfelt på 9560 km². Ho frys til i slutten av oktober eller tidleg i november og er islagd til slutten av april eller byrjinga av mai.

Dei største sideelvane hennar er Luza og Tsjiksjina.

Kozva startar der elvane Svarte og Kvite Kozjva renn saman nær landsbyen Turysjevka. Kozjva munnar ut i Petsjora 15 km nedanfor byen Petsjora.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]