Kråkefotfamilien
Kråkefotfamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karsporeplanter Pteridophyta |
Klasse: | Lycopodiopsida |
Orden: | Kråkefotordenen Lycopodiales |
Familie: | Kråkefotfamilien Lycopodiaceae Mirb., 1802 |
Kråkefotfamilien (Lycopodiaceae) er ein familie av relativt primitive karsporeplantar som tilhøyrer kråkefotplantane (Lycopodiopsida). Nokre botanikarar deler inn kråkefotplantane i to familiar, men i nordisk botanikk blir alle slektene lagt til kråkefotfamilien. Plantane i slekta er fleirårige og har gaffelforma skotgreiner.
Karsporeplantar formeirar seg gjennom generasjonsveksling, og ved sporar i staden for frø. Den ukjønna generasjonen er den dominerande. Når sporen veks blir det danna eit protallium, som er ein liten kjønna mellomgenerasjon som ikkje lever lenge. Frå denne veks det opp ein langt større, kjønnslaus (ukjønna) men langtlevande generasjon av plantar som produserer nye sporar.
Sporane sit øvst i skotet eller i eigne aks. Plantane har enten berre éin sporetype (homospori, som er den opphavlege tilstanden og er bevart i kråkefotfamilien), eller både holege storsporar og hannlege småsporar (heterospori, som hjå brasmegras og dvergjamnar). Dvergjamnefamilien har stor- og småsporer i ulike grupper, brasmegras har storsporar inst ved dei ytre rosettblada og småsporar ved dei indre.
Taksonomi
[endre | endre wikiteksten]Taksogrupperinga av kråkefotfamilien i nordisk botanikk med nokre vanlege norske artar:[1]
- Karplantar (Tracheophyta)
- Karsporeplantar (Pteridophyta)
- Klasse: Kråkefotplantar (Lycopsida)
- Dvergjamnefamilien (Selaginellaceae)
- Dvergjamneslekta (Selaginella)
- Brasmegrasfamilien (Isoetaceae)
- Brasmegrasslekta (Isoetes)
- KRÅKEFOTFAMILIEN (LYCOPODIACEAE)
- Kråkefotslekta (Lycopodium), 200 artar, 4 i Noreg
- Strikråkefot (L. annotinum)
- Fjellkråkefot (L. annotinum ssp alpestre)
- Mykkråkefot (L. clavatum)
- Rypefot (L. clavatum ssp monostachyon)
- Jamneslekta (Diphasiastrum)
- Fjelljamne (Diphasiastrum alpinum)
- Skogjamne (Diphasiastrum complanatum ssp complanatum)
- Finnjamne (Diphasiastrum complanatum ssp montellii)
- Grannjamne (Diphasiastrum tristachyum)
- Hybridjamne (Diphasiastrum x zeilleri)
- Myrkråkefotslekta (Lycopodiella)
- Myrkråkefot (Lycopodiella inundata)
- Palhinhaeaslekten (Palhinhaea)
- Pseudolycopodiellaslekten (Pseudolycopodiella)
- Lusegrasfamilien (Huperziaceae)[a]
- Lusegrasslekta (Huperzia)
- Lusegras (Huperzia selago ssp. selago)
- Polarlusegras (Huperzia selago ssp. arctica)
- Phylloglossumslekten (Phylloglossum)
- Kråkefotslekta (Lycopodium), 200 artar, 4 i Noreg
- Dvergjamnefamilien (Selaginellaceae)
- Klasse: Snelleplantar (Sphenopsida)
- Underdivisjon: Bregneplantar (Polypodiopsida)
- Klasse: Psilotopsida? (Psilotopsida)
- Orden: Psilotales (Psilotales)
- Orden: Ormetunger (Ophioglossales)
- Klasse: Marattiopsida (Marattiopsida)
- Klasse: Bregnar (Pteriopsida)
- Klasse: Kråkefotplantar (Lycopsida)
- Frøplantar (Spermopsida)
- Karsporeplantar (Pteridophyta)
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Dette er ikkje ein godkjend familie i nordisk botanikk, der opererer ein berre med familien Lycopodiaceae.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Bo Mossberg (red), Steinar Moen: Gyldendals store nordiske flora, 2003 (Oslo 2007).
- Denne artikkelen bygger på «Kråkefotfamilien» frå Wikipedia på bokmål, den 25. mai 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) kråkefotfamilien hos Artsdatabanken
- (en) kråkefotfamilien i Encyclopedia of Life
- (en) kråkefotfamilien i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) kråkefotfamilien hos Dyntaxa
- (en) kråkefotfamilien hos Fossilworks
- (en) kråkefotfamilien hos ITIS
- (en) kråkefotfamilien hos NCBI
- (en) kråkefotfamilien hos The International Plant Names Index
- (en) kråkefotfamilien hos Tropicos
- (en) Kategori:Lycopodiaceae – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Lycopodiaceae – detaljert informasjon på Wikispecies