Kråkstad prestegard

Koordinatar: 59°40′36.76″N 10°52′49.3″E / 59.6768778°N 10.880361°E / 59.6768778; 10.880361
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°40′36.76″N 10°52′49.3″E / 59.6768778°N 10.880361°E / 59.6768778; 10.880361

Kråkstad prestegard
Foto: Jan-Tore Egge

Kråkstad prestegard ligg like inntil Kråkstad kyrkje i Nordre Follo kommune i Akershus fylke.

Kyrkja er frå mellomalderen, og prestegarden går for å vere mellom dei eldste gardane i regionen. Det er ei rekkje gravhaugar i området, og ein oldtidsveg går mellom prestegarden og kyrkja. Den fredrikshaldske kongevei går forbi staden.[1]

Den førre prestegarden brann i 1770[2], og den noverande hovudbygningen vart oppført i 1771. Han er lafta og har to etasjar og valmtak. Bygningen vart restaurert etter planar av Otto Scheen i 1922. Ved prestegarden finst òg eit stabbur frå 1827 og eit telthus. Heile anlegget er freda.

Referanser[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kråkstad prestegard
Spire Denne Vikenartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.