Kråkvågfjorden
Utsjånad
63°37′1.1352″N 9°16′40.634″E / 63.616982000°N 9.27795389°E
| Kråkvågfjorden | |||
| fjord | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Trøndelag | ||
| Kommunar | Orkland, Ørland | ||
![]() Kråkvågfjorden 63°37′01″N 9°16′41″E / 63.616982°N 9.27795389°E | |||
Kråkvågfjorden er ein fjord i Orkland og Ørland kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 13 km søraustover til starten av Trondheimsfjorden.
Fjorden ligg på vestsida av Ulvøya, Fjellværsøya og sjølve Hitra. I aust ligg øyane Storfosna og Kråkvåg, som fjorden er kalla opp etter. I sør grensar fjorden til Sørleksa og Nordleksa. Sør for desse øyane igjen ligg enden av Trondheimsleia.
Fjorden har innløp mellom Kobbskjera i vest og Uggsteinskjera i aust og endar der Trondheimsleia møter Trondheimsfjorden sør for Garten.
Mellom Fjellværsøya og Hitra går Fillfjorden vestover.
