Krýsuvík

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krýsuvík

Krýsuvík er eit geotermisk område på halvøya ReykjanesIsland. Det ligg sør på Reykjanes i midten av ei sprekksoneDen midtatlantiske ryggen.

Krýsuvík er eit område med mange svovelhaldige kjelder og varmekjelder, som ved Seltún. Her kan ein finne ein tursti med skilt som forklarar fenomena ein ser. Stien fører opp til fjellet Sveifluháls lenger bak.

Den største innsjøen i området, Kleifarvatn, byrja å forsvinne etter eit stort jordskjelv i 2000 og 20 % av overflata har forsvunne dei siste åra. Nokre mindre innsjøar viser òg påverknad frå vulkanisme, som til dømes Grænavatn med sin lysande grønfarge.

Det låg nokre gardar i området fram til 1800-talet, men dei vart gjeve opp og fråflytta. Berre eit lite kapell, Krísuvíkurkirkja bygd i 1857, står igjen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]