Krabbekniv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Krabbekniv er ein kniv som har vorte brukt til hindre at krabbar har kunna bite kvarandre sund. Det har vore vanleg å ha levande krabbar gåande i kasser eller kiper til ein har skulla bruke dei. Med krabbekniven, som har eit kort blad på under to cm, kuttar ein sena i det andre leddet på storkloa på krabben. Då kan fleire krabbar vere i same kasse utan å skade kvarandre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Øyvind Haram: Maritime knivar og eggjeverktøy. KYSTEN nr 1 2010