Kraftfôr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kraftfôr til hestar

Kraftfôr er ei konsentrert fôrblanding med dei viktigaste næringsstoffa og minerala som dyra treng, som dei ikkje får i det vanlege fôret.

Til svin og fjørfe brukar ein gjerne kraftfôr som einaste fôr, til storfe, hestar og sauer for å komplettera grovfôret (høy, silofôr med meir). Kraftfôr består av forskjellige kornslag, raps, soya med meir. Det kan også innehalda biprodukt frå næringsmiddelindustrien som melasse og myse.

Kraftfôr blir levert ferdigblanda frå fôrfabrikkar.

Landbruksdirektoratet sin statistikk for 2018 viste at 95,6 prosent av proteinet i norsk kraftfôr var importert. 26,8 prosent av karbohydratet var importert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]