Kragehai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kragehai
Kragehai
Kragehai
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av kragehai
Utbreiinga av kragehai
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Bruskfiskar Chondrichthyes
Infraklasse: Neoselachii
Overorden: Squalomorphii
Orden: Hexanchiformes
Familie: Kragehaifamilien Chlamydoselachidae
Slekt: Chlamydoselachus
Art: Kragehai C. anguineus
Vitskapleg namn
Chlamydoselachus anguineus
Nærbilete av munnen og tennene til ein kragehai

Kragehai (Chlamydoselachus anguineus) er ein bruskfiskart i kragehaifamilien. Han er ein av dei mest primitive haiane som lever i dag. Munnen er nesten endestilt. Haien har seks gjellespalter, kvar med eit kort frynseforma gjellelok. Det ser ut som om kragehaien har ein seksdobbel krage, noko som har gjeve han namnet.

Kragehaien har ein avlang og smal kropp på opptil 190 cm i lengd. Han er einsfarg brunleg. Rygg- og analfinnane sit langt bak, og halen er lang og sterkt skjeiv. Oppbygginga til haien har ei rad primitive trekk.

Kragehai lever av fisk. Han lever mest pelagisk og enkeltvis på 200–1 100 meters djup. Han føder levande ungar, opptil 12 stykk, som er 60 cm lange. Kragehaien vert ofte fanga på djupline i japanske farvatn etter 1970.

Kragehaien har ei verdsfemnande utbreiing. Nokre få funn (kring 25) er gjorde i Nord-Atlanteren, der eitt av dei var i Varangerfjorden i 1896.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«kragehai» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 23. desember 2017.

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.