Kragerø kommune
Utsjånad
| Kragerø kommune | |||
| kommune | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Telemark | ||
| Adm.senter | Kragerø | ||
| Areal | 305 km² | ||
| • land | 289 km² | ||
| • vatn | 16 km² | ||
| Folketal | 10 446 (1. januar 2025) | ||
| Målform | nøytral | ||
| Ordførar | Charlotte Therkelsen (Rødt) | ||
| Kommunenr. | 4014 | ||
![]() Kragerø 58°53′13″N 9°20′49″E / 58.886944444444°N 9.3469444444444°E | |||
| Wikimedia Commons: Kragerø Municipality | |||
| Nettstad: www.kragero.kommune.no | |||
Kragerø er ein kommune i Telemark fylke. Kommunen grensar i sørvest til Risør, i vest til Gjerstad, i nordvest til Drangedal og i nordaust til Bamble.
Kragerø er den kommunen som ligg lengst sør i Telemark fylke. Om sommaren mangedoblar innbyggjartalet seg på grunn av turisttilstrøyminga.
Kragerø har 495 øyar, holmar og skjér og 4 000 fritidsbustadar. Det er òg 190 ferskvatn innanfor kommunen sine grenser. I seglskutetida var Kragerø ein av dei største sjøfartsbyane i Noreg. I 1960 vart Kragerø slegen saman med Skåtøy og Sannidal. Kragerø, saman med Drangedal utgjer regionen Vestmar.
Kjende personar frå Kragerø kommune
[endre | endre wikiteksten]- Edward Amundsen (1873-1928), misjonær og språkforskar.[1]
- Theodor Kittelsen (1857-1914), teiknar og kunstmålar, særleg kjend for eventyrillustrasjonar.
- Anton Martin Schweigaard (1808-1870), norsk jurist og politikar.
- Jacob og Henrik Homann, eigedomsutbyggarar, mellom anna av området bak Slottet i Oslo som i dag blir kalla Homansbyen.
Industri
[endre | endre wikiteksten]- Den Norske Høyttalerfabrikk AS (DNA) (Klikk helst ikkje på lenkja: DNH blokkerer attendeknappen)

