Kraken Mare

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kraken Mare er den største sjøen i denne radarmosaikken laga av Cassini-sonden
Biletet til venstre vart teke 23. mai 2013 medan biletet til høgre vart teke 21. august 2014. Biletet til høgre syner at det har kome noko nytt og radarreflektivt på yta til Kraken Mare (oppe til høgre)

Kraken Mare er ein innsjø i nordpolområdet til saturnmånen Titan, og den største innsjøen på heile månen.[1] Han har truleg ei størstedjupn på 160 meter. Mogelege bylgjer med ei høgd på 1,5 centimeter og ein fart på 0,7 meter per sekund har vorte observerte på Kraken Mare.[2]

Kraken Mare vart observert med Cassinin-radaren for siste gongen 21. august 2014. Under desse observasjonane vart det observert noko på yta til Kraken Mare som ikkje var der under observasjonane 23. mai 2013. Endringa vert tolka som bylgjer eller flytande materiale.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kraken Mare