Hopp til innhald

Kraniosynostose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit barn med prematur lukking (kraniosynostose) av lambdasaumen. Merk svulminga på høgre side.

Kraniosynostose (av latin cranio, «kraniet»; syn, «saman»; og ostosis, «som gjeld knoklar») er ein tilstand hjå nyfødde der ein eller fleire av dei fibrøse skallesaumane forbeinar og lukkar seg for tidleg,[1] slik at vekstmønsteret i hovudskallen endrar seg.[2] Skallen klarar ikkje utvide seg vinkelrett til den forbeina saumen, så den kompenserer ved å vekse meir i den retninga som ligg parallelt til saumen.[2] Av og til er vekstmønsteret tilstrekkeleg nok til å romma hjernen, men fører til unormal skalleform og unormale andletstrekk.[2] Når kompenseringa er for lita vil kraniosynostose føra til auka hjernetrykk, som kan valda synshemjingar, søvnløyse, etevanskar, eller nedsett mental utvikling kombinert med monaleg nedsett IQ.[3]

Kraniosynostose rammar eitt barn per 2000 fødslar. Kraniosynostose er ein del av eit syndrom i 15—40 % av pasientane, men plar å gå føre seg som ein isolert tilstand.[4][5]

  1. Silva, Sandra; Philippe Jeanty (7. juni 1999). «Cloverleaf skull or kleeblattschadel». TheFetus.net. MacroMedia. Henta 3. februar 2007.
  2. 1 2 3 Slater BJ, Lenton KA, Kwan MD, Gupta DM, Wan DC, Longaker MT (April 2008). «Cranial sutures: a brief review». Plast. Reconstr. Surg. 121 (4): 170e–8e.
  3. Gault DT, Renier D, Marchac D, Jones BM (September 1992). «Intracranial pressure and intracranial volume in children with craniosynostosis». Plast. Reconstr. Surg. 90 (3): 377–81.
  4. Bannink N, Nout E, Wolvius EB, Hoeve HL, Joosten KF, Mathijssen IM (Februar 2010). «Obstructive sleep apnea in children with syndromic craniosynostosis: long-term respiratory outcome of midface advancement». Int J Oral Maxillofac Surg 39 (2): 115–21.
  5. Kimonis V, Gold JA, Hoffman TL, Panchal J, Boyadjiev SA (September 2007). «Genetics of craniosynostosis». Semin Pediatr Neurol 14 (3): 150–61.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]