Hopp til innhald

Kranj

46°14′37″N 14°21′21″E / 46.24361°N 14.35583°E / 46.24361; 14.35583

Kranj
Krainburg
kommune
Utsyn mot Kranj
Land  Slovenia
Statistisk region Gorenjska
Høgd 350–406 m
Areal 151,0 km²
Folketal 57 384 (2025[1])
Postnummer 4000
Retningsnummer (+386) 04
Bilnummer KR
Kart
Kranj
46°14′20″N 14°21′20″E / 46.23887°N 14.35561°E / 46.23887; 14.35561
Kommunen Kranj innanfor Slovenia
Kommunen Kranj innanfor Slovenia
Kommunen Kranj innanfor Slovenia
Wikimedia Commons: Kranj
Nettstad: https://www.kranj.si

Kranj (tysk Krainburg) er ein by og ein bykommune i den statistiske regionen Gorenjska i Slovenia.

Kranj er den tredje største kommunen og den fjerde største byen i Slovenia med om lag 40 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 20 km nordvest for Ljubljana. Han er eit senter i Kranjska, nordvest i Slovenia, og er hovudsakleg ein industriby med industriar som elektronikk og gummi. Den historiske regionen Kranjska er kalla opp etter byen, som var hovudstad i denne regionen tidleg i mellomalderen.

Byen er òg kjend for idrettsanlegga, mellom anna fotball, tennis og basketball, og det største symjeanlegget i landet, der mellom anna europameisterskapen i vasspolo vart halde i 2003.

Sentrum i byen består av ein godt bevart gamleby frå mellomalderen. Dette området ligg mellom elvane Kokra og Sava.

Kranj i 2007.

Folketalet i dei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:[a]

Folketal 2002[2]Folketal 2011[1]Folketal 2021[1]
Kranj35 58736 87438 024
Britof1 6571 9082 106
Kokrica1 5951 6461 661
Zgornje Bitnje1 2281 4801 602
Mlaka pri Kranju1 5021 5661 590
Golnik1 0261 0631 153
Hrastje[b]1 0401 0511 055
Kommunen Kranj [c]51 225 55 029 57 185
  1. Folketeljingane i 2011 og 2021 er gjennomførte som registerbaserte teljingar.
  2. Fram til 2002 ein del av kommunen Šenčur.[3]
  3. Ikkje medrekna busetnaden Hrastje, som fram til 2002 var ein del av kommunen Šenčur.[3]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kranj

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 3 «Population by sex and by age, municipalities and settlements, Slovenia, annually». Statistični urad Republike Slovenije (SURS) (Republikken Slovenias statistiske kontor). Henta 1. september 2025.
  2. «Population, settlements, Slovenia, census 2002». Statistični urad Republike Slovenije (SURS) (Republikken Slovenias statistiske kontor). Henta 1. september 2025.
  3. 1 2 «Zakon o spremembah in dopolnitvah zakona o ustanovitvi občin ter o določitvi njihovih območij (ZUODNO-D), stran 5265. (Lov om endringar i og tillegg til lov om oppretting av kommuner og fastsetjing av deira område (ZUODNO-D), side 5265.)». Glasilo Uradni list RS (Offisielt lysingsblad for Slovenia) 52/2002. 14. juni 2002. Henta 10. september 2025.