Kransekake

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kransekake
Foto: Kjetil Ree

Kransekake eller tårnkake er ei kake laga av mandlar, melis og eggekvite, og er først og fremst ein norsk og dansk tradisjon. Kaka blir ofte servert ved høgtider og høgtidelege høve som jul, barnedåp, konfirmasjonar og bryllaup, og gjerne òg på fødselsdagar.

Kransekakeringar
Foto: Jonathunder

Tillaging[endre | endre wikiteksten]

Ein laga kransekaka ved å steika ringar i ulike storleikar i særskilde kransekakeformer. Ringane blir stabla i pyramideform og blir festa saman og pynta med melis, smellbonbonar og eventuelt små flagg. På toppen kan det til dømes setjast ein figur som passar til høvet.

Kransekakestenger[endre | endre wikiteksten]

Kransekakestenger er ein variant av kransekake, som ofte laga som småkaker, til dømes til julebaksten. Ein nyttar same type deig, men i staden for å trilla ut ringar og steika i kransekakeformer, blir deigen forma i fingertjukke porsjonsbitar som er 5–8 cm lange. Dei steikte kransekakestengene blir gjerne pynta med striper av melisglasur slik som den vanlege kransekaka. Ein anna måte å pynta dei på er å dyppa ein del av stonga i smelta sjokolade.

Overflødighetshorn[endre | endre wikiteksten]

Overflødighetshorn

Overflødighetshorn blir laga av den same deigen som ei kransekake, og er òg ei kjend dansk og norsk festkake. Kaka er ofte fylt med sjokolade og godteri. Historisk er overflodshornet sett på eit symbol på grødrikdom og overflod. Det blir sagt at tradisjonen går tilbake fleire tusen år til Kreta.[1]

Skikkar[endre | endre wikiteksten]

Ein tradisjon i bryllaup er at brura og brudgomen set fingrane på kvar sin side av den øvste ringen og løftar; kor mange ringar som vert med den øvste er ein spådom om kor mange barn dei skal få.[treng kjelde]

Verdas høgaste kransekake[endre | endre wikiteksten]

I juni 2006 laga Åre Rafdal og bakarkollegaer verdas største kransekake. Kaka var 13,17 meter frå botn til topp. Oppdraget med å laga kaka var gjeve av matvarekjeden Coop i samband med deira 100-årsjubileum.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kransekakens historie». odense-marcipan.no. Arkivert frå originalen 2013-06-18. Henta 17. desember 2012. 
  2. «Verdens høyeste kake». nrk.no. 28. juni 2006. Henta 17. desember 2012.