Koronarkrinsløpet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kranspulsåre)
Hopp til navigering Hopp til søk
Menneskehjarte med kranspulsårene avmerkte.

Koronarkrinsløpet eller koronarsirkulasjonen er eit krinsløp som forsyner blod til hjartemuskelen. Dei blodårene som forsyner oksygenrikt blod til hjartemuskelen kallast kranspulsårer, koronarkar, kransarteriar eller koronararteriar (av latin cor - 'hjarte'). Dei er ein del av krinsløpssystemet, men ein reknar som oftast koronarkrinsløpet som eit eige krinsløp.

Kranspulsårene går av frå livpulsåra rett etter aortaklaffen. Det er stor variasjon i korleis dei ligg, men den vanlegaste varianten er ei åre til venstre og ei til høgre (lat. arteria coronaria cordis sinistra og dextra) frå livpulsåra. Kranspulsårene ligg i all hovudsak utanpå hjartet.

Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.