Krapanj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krapanj
Krapanj sett frå sør
Krapanj sett frå sør
Geografi
Stad Adriahavet
Koordinatar 43°40′20″N 15°54′50″E / 43.67222°N 15.91389°E / 43.67222; 15.91389

Areal 0,36 km²

Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Šibenik

Krapanj er ei øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia utanfor sentrale delar av Dalmatia i fylket Šibenik.

Krapanj er den minste busette øya i Adriahavet med eit areal på berre 0,36 km². Ho er òg den tettast folkesette øya og er ikkje høgare enn 1,5 meter på det høgaste. Krapanj ligg 300 meter frå det næraste punktet i landsbyen Brodarica på fastlandet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen Krapanj vart grunnlagd av Toma Jurić, ein adelsmann frå Šibenik og ein etterkomar av Šubic-familien frå Bribar. Toma kjøpte øya i 1436 frå Šibenik fylke for å byggje ei fransiskansk kyrkje på øya. Han døydde derimot før han kom i gang med bygginga og dei fire sønene hans bygde Den heilage kross-kyrkja og eit kloster i 1523 med velsigning frå Pave Eugene IV. Vilkåret frå paven var derimot at berre munkar kunne bu og leve på øya.

osmanarane byrja å invadere nabolanda, lèt fransiskanarane folk få bu i naboområda på fastlandet søraust for klosteret, slik at dei kunne slå seg saman i kampen mot det tyrkiske åtaket.

Restane av dei gamle kyrkjeveggane kan ein framleis sjå ved ytterdøra til klosteret. Kyrkja vart utvida i 1937.

Det kjem generelt svært få turistar til øya, sjølv i høgsesongen. Noko av årsaka til dette er at det ikkje er tillate med køyretøy på øya. Mange av dei gamle tradisjonane er tatt vare på. Ein produserer vin, olivenolje, Rakia og svampar. Haustinga av svampar går 300 år tilbake i tid, og i mange år var dette hovudnæringa for mange familiar på øya. Svampane frå øya var vidkjende over heile verda for sin høge kvalitet og for sin vakre utsjånad. Kosmetikkmarkedet har dei siste åra opna market for Krapanj-svampar på ein internasjonal skala.