Hopp til innhald

Krasnoje Selo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krasnoje Selo
Красное Село
by
Land  Russland
Føderasjonssubjekt St. Petersburg
Høgd 100 m
Areal 1 928,49 km²
Folketal 58 652 (2023)
Grunnlagd 1700-talet
   Bystatus 1925
Postnummer 198000
Kart
Krasnoje Selo
59°44′10″N 30°05′10″E / 59.736245°N 30.086205°E / 59.736245; 30.086205
Wikimedia Commons: Krasnoe Selo

Krasnoje Selo (russisk Кра́сное Село́, tyder 'vakker landsby') er ein by i Sankt Petersburg i Russland med om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 25 km sørvest for sentrum av St. Petersburg.

Krasnoje Selo vart grunnlagd tidleg på 1700-talet som ein landsby sør for St. Petersburg. I 1764 hadde landsbyen ein papirfabrikk, som låg ved vegen til St. Petersburg. På 1800-talet utvikla Krasnoje Selo seg til å verte ein rekreasjonsforstad til hovudstaden, med mange datsjaer og villaer, mellom anna tsarene sine sommarresidensar. I 1884 testa den kjende flykonstruktøren Aleksander Mozjajskij sitt tidlege monoplan der og oppnådde eit motorassistert take off eller «hopp» på 60 – 100 meter.

Krasnoje Selo fekk bystatus i 1925 og vart i 1973 lagt inn under byen Leningrad sitt styre.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Krasnoje Selo