Krateret Occator

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Occator fotografert av romsonden Dawn. Cerealia Facula er det lyse området i midten av krateret, og Vinalia Faculae dei lyse flekkane aust (til høgre) for dette
Nærbilete i kunstige fargar av Cerealia Facula og kvelvingen dess

Occator er eit krater på dvergplaneten Ceres med ein diameter på 91,99 kilometer.[1] Krateret har fleire lyse flekkar, og det har vorte observert noko som kan vera dis i krateret på bilete frå Dawn-sonden.[2] Dei lyse flekkane er truleg sette saman av heksahydritt.[3]

Det sentrale lyse området i Occator, namnsett Cerealia Facula, har ein oppsprokken kvelving. Klyngja med lyse flekkar aust i krateret er namnsett Vinalia Faculae. Ein teori er at dei lyse områda i Occator er saltrestar etter flytande vatn frå indre delar av Ceres som kom opp til yta som ei fylgje av at krateret vart danna.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]