Tycho på månen

Koordinatar: 43°19′S 11°22′W / 43.31°S 11.36°W / -43.31; -11.36
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Krateret Tycho)
Tycho på månen

Tycho frå Lunar Orbiter 5. NASA
Koordinatar43°19′S 11°22′W / 43.31°S 11.36°W / -43.31; -11.36
Diameter86,21 km
Djupne4,8 km
Colengdegrad12° ved soloppgang
EponymTycho Brahe

Tycho er eit markant ringfjell sør på månen, kalla opp etter den danske astronomen Tycho Brahe (1546–1601).[1] I sør ligg krateret Street; i aust ligg Pictet, og i nord-nordaust ligg Sasserides. Overflata kring Tycho er full av krater av forskjellige storleik, og mange overlappar eldre krater. Somme av dei mindre krateret er sekundære krater laga frå store bitar av ejisert materiale frå Tycho.

Plasseringa til Tycho.

Tycho er eit relativt ungt krater, med ein estimert alder på 1,8 millionar år, basert på analysar av prøver frå Apollo 17. Denne alderen indikerer at nedslaget kom frå asteroidefamilien Baptistina. Simulerte studiar har gjeve 70% sannsyn for at krateret vart skapt av ein bit frå oppløysinga som skapte den noverande asteroiden 298 Baptistina.[2]

Krateret har skarpe kantar, i motsetnad til eldre krateret, som har blitt slitne ned av seinare nedslag. Den indre delen har høg albedo som er godt synleg når sola står høgt over månen, og krateret er omgjeve av eit særeige strålesystem som dannar nesten 1500 km lange spiler ut frå krateret. Delar av desse strålane kan ein sjå sjølv når månen berre er opplyst av jordlys.

Det store strålesystemet ut frå Tycho.

Vollane utafor kraterkanten har lågare abledo enn det indre i ein avstand på over hundre kilometer, og er utan strålene som ligg lenger ute. Denne mørkare kanten vart danna av mineral som vart kasta opp under nedslaget.

Den indre veggen er preg av jordras og terrassar, og heller ned til ein nesten flat kraterbotn, med somme små haugar. Botnen syner teikn på tidlegare vulkansk aktivitet, truleg frå smelta stein under nedslaget. Den sentrale haugen stig 1,6 km over kraterbotnen, og mindre toppar står like nordaust for hovudmassivet.

Panoramabiletet av måneoverflata teken av Surveyor 7, som landa 29 km frå kanten av Tycho.

Kraterkanten vart vald som mål for Surveyor 7. Romfartøyet landa like nord for krateret i januar 1968. Her vart det gjort kjemiske undersøkingar av overflata. Krateret vart òg kartlagt i detalj av Lunar Orbiter 5.

Satellittkrater[endre | endre wikiteksten]

Til vanleg er desse identifisert på månekart med ein bokstav ved sidan av kratermidtpunktet som er nærast Tycho.

Tycho Breiddegrad Lengdegrad Diameter
A 39.9° S 12.0° W 31 km
B 43.9° S 13.9° W 13 km
C 44.3° S 13.7° W 7 km
D 45.6° S 14.0° W 27 km
E 42.2° S 13.5° W 14 km
F 40.9° S 13.1° W 16 km
H 45.2° S 15.8° W 8 km
J 42.5° S 15.3° W 11 km
K 45.1° S 14.3° W 6 km
P 45.3° S 13.0° W 8 km
Q 42.5° S 15.9° W 21 km
R 41.8° S 13.6° W 5 km
S 43.4° S 16.1° W 3 km
T 41.2° S 12.5° W 14 km
U 41.0° S 13.8° W 19 km
V 41.7° S 15.3° W 4 km
W 43.2° S 15.3° W 19 km
X 43.8° S 15.2° W 13 km
Y 44.1° S 15.8° W 19 km
Z 43.1° S 16.2° W 24 km

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Blue, Jennifer (27. september 2014). «Tycho». USGS. Henta 13. juni 2016. [daud lenkje]
  2. «Breakup event in the main asteroid belt likely caused dinosaur extinction 65 million years ago». Physorg. September 5, 2007. Henta 13. juni 2016.