Krattbjørnebær
Krattbjørnebær | |
Status | |
Status i Noreg: Sårbar[1] | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Roseordenen Rosales |
Familie: | Rosefamilien Rosaceae |
Underfamilie: | Rosoideae |
Slekt: | Bjørnebærslekta Rubus |
Art: | Krattbjørnebær R. langei |
Vitskapleg namn | |
Rubus langei |
Krattbjørnebær (Rubus langei) er ein fleirårig art i bjørnebærgruppa i rosefamilien. Planten dannar ein busk som har årsskot med skarpe kantar, kraftige tornar og femkopla blad. Blomane er lyseraude og fruktsamlinga er svartraud.[2]
Arten er funnen i Danmark, England, Luxembourg, Nederland, Noreg og Tyskland.[3] I Noreg er krattbjørnebær berre funne i Aust-Agder, og er raudlista som sårbar i Noreg.[2]
Synonym for det vitskaplege namnet er Rubus villicaulis subsp. rectangulatus Focke, Rubus rectangulatus (Focke) Utsch, non Braeucker 1882 og Rubus villicaulis subsp. langei (Frid. & Gelert) Focke[4]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ http://data.artsdatabanken.no/Taxon/63389[daud lenkje]
- ↑ 2,0 2,1 «Krattbjørnebær», Store norske leksikon, 29. november 2015
- ↑ Rubus langei G. Jensen ex Frid. & Gelert, GBIF.org
- ↑ Roskov Y., Kunze T., Orrell T., Abucay L., Paglinawan L., Culham A., Bailly N., Kirk P., Bourgoin T., Baillargeon G., Decock W., De Wever A., Didžiulis V. (ed) (2014). «Species 2000 & ITIS Catalogue of Life: 2014 Annual Checklist.». Species 2000: Reading, UK. Henta 26 May 2014.