Krattspissmus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Krattspissmus
Krattspissmus
Krattspissmus
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC LivskraftigUtbreiinga av Krattspissmus
Utbreiinga av Krattspissmus
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Eulipotyphla
Familie: Spissmus Soricidae
Slekt: Sorex
Underslekt: Sorex
Art: Krattspissmus S. araneus
Vitskapleg namn
Sorex araneus
Krattspissmus, skjerd
Namn på andre språk
SvenskVanlig näbbmus
DanskAlmindelig spidsmus
EngelskCommon Shrew, Eurasian Shrew
TyskWaldspitzmaus
FranskMusaraigne carrelet, musaraigne commune, musaraigne vulgaire
SpanskMusaraña bicolor
RussiskObyknovennaja burozubka (Обыкновенная бурозубка)

Krattspissmus[1] eller vanleg spissmus er den mest utbreidde spissmusa og eit av dei vanlegaste pattedyra i Nord-Europa. Dyra er vanlegvis 55-82 mm lange og veg 5-12 gram. Spissmus har små auge, ein avspissa, rørleg snute og tenner med raude tippar. Dei har ein fløyelsaktig mørkebrun pels og lysare mage. Ungmus har lysare pels fram til den første fellinga når dei får vinterpels.

Spissmus lever i om lag 23 månader. Dei er aktive både om dagen og natta, men helst når det er mørkt.

Territorium[endre | endre wikiteksten]

Krattspissmus held helst til i skog, markland og på heier i Skandinavia, Storbritannia og Aust-Europa. Kvar spissmus etablerer eit revir på om lag 370-630 meter, og blir der heile livet. Hannane kryssar utover desse grensene berre i korte periodar for å finne ein partnar under paringa. Krattspissmus er frykteleg territoriale, og vert særs aggressive om andre spissmus trenger inn på området deira.

Reira deira ligg under jorda eller i tett vegetasjon.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Spissmusa sitt kjøtetande og insektetande kosthald består for det meste av insekt, sniglar, edderkoppar, meitemark og åtsel. For å overleva må ho eta rundt 80-90 % av kroppsvekta si kvar dag, noko ho må eta kvar andre til tredje time for å oppnå. I motsetnad til piggsvin går dei ikkje i dvale om vinteren, sidan kroppane deira er for små til å halda på store nok feittreserver.

Spissmus har dårlege augo, men har særs god luktesans og gode øyro som dei nyttar til å spora opp mat. Med desse sansane kan ei spissmus finna bytte opp til 12 cm ned i jorda.

Formeiring[endre | endre wikiteksten]

Paringstida til dei vanlege spissmusene varer frå april til september, med eit høgdepunkt om sommaren. Etter å ha gått drektig i 24-25 dagar føder hoa eit kull på 5-7 spissmusunger, som forlet ho etter 22-25 dagar. Vanlegvis før ei ho opp 2-4 kull i året.

Det er berre i samband med formeiring spissmusene ikkje er einslege. Unge spissmus dannar ofte eit slags «tog» etter mora, kor kvar spissmus ber halen til dyret framfor seg i munnen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Artsdatabanken: Artsnavnebasen Artsnamnet blei forandra frå «vanleg spissmus» til «krattspissmus» september 2009

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Krattspissmus
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Sorex araneus