Krattvarslar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Krattvarslar

Status i verda: VU Sårbar

Krattvarslar Foto: Per-Anders Olsson
Krattvarslar
Foto: Per-Anders Olsson
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Laniidae
Slekt: Lanius
Art: L. meridionalis
Namn på andre språk
  • Engelsk: Iberian grey shrike
  • Vitskapleg namn
    Lanius meridionalis

    Krattvarslar (Lanius meridionalis) er ein fugl i varslarfamilien som lever på Den iberiske halvøya og litt inn i sørvestlege Frankrike. Han er i hovudsak ein standfugl.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Utbreiing av krattvarslar, brungrått indikerer områder for hekking, okerfarge indikerer område utan hekking. Krattvarslarar kan treffast året rundt i både gråbrunt og okerskraverte område

    Krattvarslar liknar arten varslar som har langt vidare utbreiing i Eurasia utan overlapping på Iberia, samt Afrika. Storleiken på desse to artane er lik, krattvarslaren si lengd er på 24–25 centimeter og han veg typisk 50–90 gram. Han har kraftigare nebb, mørkare gråfarge på oversida og fjørdrakta har meir beige eller rosa fargeskjær på undersida enn varslaren. Krattvarlar skil seg òg frå varslar i habitatval, dei kan leve i opne fruktbare område med enger og vinmarker, og i opne, men meir tørre område med tornebuskar.[1]

    Etter ei omgruppering av takson i slekta Lanius i 2017-2018,[2] er krattvarslar no monotypisk i slekta, med utbreiing avgrensa til Sørvest-Europa.

    Populasjonen er estimert til mellom 0,7 og 1,3 millionar individ og er snøgt minkande.[3]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    • Yosef, R., International Shrike Working Group, Sharpe, C.J., Marks, J.S. & Kirwan, G.M. (2019). Iberian Gray Shrike (Lanius meridionalis) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 17. november 2019.
    Referansar
    1. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
    2. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2018), Updates & Corrections: August 2018, The Clements checklist of birds of the world: Version 6.13, page 571, Southern Gray Shrike Lanius meridionalis, Cornell Lab of Ornithology
    3. BirdLife International (2019) Species factsheet: Lanius meridionalis. Henta frå http://www.birdlife.org den 17. november 2019

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Krattvarslar