Kreator

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kreator
Kreator Klub Studio Kraków 18 02 09 031.jpg
Sjanger thrash metal, death metal, Industrimetall, gothmetal
Kreator (2018)

Kreator er ei thrashmetallgruppe frå Tyskland som har halde det gåande sidan debuten med Endless Pain i 1985. Saman med to andre tyske band, Sodom og Destruction, gav dei ljod til den europeiske retninga innanfor thrash metal, kalla for teutonisk thrash. Kreator vert rekna mellom pionerane innanfor thrashmetall og ekstremmetall i Europa. Dei to fyrste utgjevingane, Endless Pain og Pleasure to kill, har vore inspirasjonskjelde for mange av dei seinare svartmetall- og daudmetallgruppene i Skandinavia.

Kreator var på høgda av si musikalske makt med utgjevinga av LP-en Extreme Aggression i 1989, atter ein klassikar innanfor thrashmetallen. Seinare utgjevingar har møtt blanda kritikkar, men gruppa kom sterkt attende i 2001 med Violent Revolution der dei synte at dei var attende i form med god gamaldags åttitalsthrash.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kreator