Kredittkort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kredittkort

Kredittkort er eit plastkort som nyttast i staden for kontante pengar ved kjøp av varer eller tenester. Selskapet som har gjeve ut kortet står ansvarleg for oppgjeret med brukarstaden, mens brukaren i sin tur gjer opp med kortselskapet. Storleiken på korta fylgjer ISO/IEC 7810-standarden som ID-1.[1] Denne er definert som 85.60 × 53.98 mm.

Kredittkort i omløp[endre | endre wikiteksten]

I Noreg finst 2,4 millionar kredittkort i omløp. 1,9 millionar er VISA eller Mastercard som vert gjeve ut av selskapet Teller AS. Diners Club har ca 200 000 kort i omløp, American Express om lag 90 000. 10 % av Visa-korta i Noreg er kredittkort, mens 90 % er debetkort.

American Express og VISA i Noreg[endre | endre wikiteksten]

American Express var det første kredittkortet i Noreg. Det blei introdusert på marknaden på byrjinga av 70-talet. VISA blei lansert i Noreg i 1977. VISA Norge AS opererte på lisens frå det USA-amerikanske selskapet. Etter nokre år var det over 500 000 VISA debet- og kredittkort i omløp. Styret i Visa Norge meinte då at marknaden var metta. I dag er det over 4,5 millionar VISA-kort på den norske marknaden. Dei fleste er debetkort som er gjevne ut av norske bankar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]