Kreklingan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kreklingan er namnet på ei lita grend på nordsida av Innerfolda i Nærøy kommune i Nord-Trøndelag. Her kan ein med visse seia at det har budd folk sidan tidleg jarnalder, da helst på grunnlag av stadnamn ( t.d. Sjølstad = Sigvaldsstadir). Nokre oldtidsfunn er også gjort, m.a. eit garnsøkke av stein på jordet i garden Buvika. Kreklingan er nemnt i Aslak Bolt si Jordebok (ca. 1430?) som garden «af krechlingom». Namnet Kreklingan er mest truleg avleidd av lyngarten krekling, som det framleis finst mykje av i utmarka. Rokka (av hrukka = skrukke,rynke) er namnet på den andre tidleg rydda garden. Det er frå eit større vatn tilhøyrande garden - Rokkvatnet - at heile ytterdistriktet (Nærøy-Vikna) hentar drikkevatnet. Kreklingan var godt busett fram til seint på 1900-talet, da dei fleste yngre flytta ut, enten i samband med utdanning, eller i søking etter arbeid. I tidsrommet 1930-1970 var storparten av mennene i bygda i arbeid hos Bangdalsbruket, det var da snakk om tømmerhogst i Kvisten og Opplø (Salsbruket), framdrift av dette til fjords, og deretter sleping til sagbruk og tresliperi. I heile bygda var det 18-20 små og store gardsbruk. No i 2009 er det to samdrifter med til saman fire familiar som driv jordene. Eitt firma har konsesjon på lakseoppdrett, og det er også eitt skjeloppdrett i drift. Dei fleste andre som er i arbeid pendlar til Kolvereid. I si tid hadde Kreklingan eige postkontor (Nord-Krekling, for å skilja det frå Krekling ved Kongsberg) og daglegvarebutikk. No er det i drift eit utsalg av bildekk og tilbehøyr. Bygda har eige grendehus (ombygd frå det gamle "Folkets Hus" frå 1920-talet) og trass aldrande innbyggarar er det liv i eit par lokale foreningar. Idrettslivet soknar mest til Foldereid IL, men bygda har eiga lysløype ved grendehuset. To orienteringskart finst også, der det i 1987 vart halde Midt-Norsk Mesterskap. Som ein liten "kuriositet" kan ein ta med at denne vesle bygda i nokre år no på totusentalet har hatt to av dei fremste ungdomsutøvarane i Noreg innan idrettsgreina judo.

(Teksten er skriven av Jan Gaute Buvik, utflyttar frå Kreklingan.Kjelder er m.a. Nærøy Bygdebok, bind I)