Kremenskisjøane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kremenskisjøane sett frå fjelltoppen Dzjano

Kremenskisjøane er ei gruppe fjellvatn i Pirinfjella, sørvest i Bulgaria. Gruppa består av to større og to mindre vatn i eit smalt, men framtredande dalsøkk. Dei ligg rundt fjelltoppane Sivrija, Dzjano og Kremenski.

  • Øvre Kremen ligg i ei høgd på 2 352 m og er 335x270 m (66,1 mål) stor. Han er 13,6 m djup og har eit vassvolum estimert til 478 000 m³.
  • Nedre Kremen ligg på 2 304 m, og er den største av Kremenskisjøane, og den nest største i Pirin etter Popovo. Overflatearealet er 98 mål (500x275 m), og er 27 meter djup, og dermed den tredje djupaste i fjella. Vatnet har eit vassvolum på om lag ein million kubikkmeter.