Kremmarholmen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kremmarholmen
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fedje
Postnummer 5947 FEDJE
Gardnummer 169
Kart
Kremmarholmen
60°47′00″N 4°42′39″E / 60.7833°N 4.71083°E / 60.7833; 4.71083

Kremmarholmen eller Kræmmerholmen er ein gammal handelsstad og gjestgjevarstad på Fedje. Staden låg først under garden Holmen men vart i lag med Ertsholmen utskilt som eige bruk.

Kræmmerholmen.
Foto: Frode H. Korneliussen
Kræmmerholmen.
Foto: Frode H. Korneliussen

Etter kvart som det vart aukande trafikk langs kysten og handelen tok seg opp mellom distrikta, vart det trong for passande stoppestader, der ein kunne få overnatting og proviantar. Dette var stader med gode hamner som låg lagleg til, og som etter kvart vart viktige knutepunkt i båttrafikken. Kremmarholmen på Fedje har gode hamnetilhøve og gunstig plassering langs skipsleia nord for Bergen, og vart slik den naturlege handels- og gjestgjevarstaden i området. Fedje vart slik ein del av eit større kommunikasjonssystem i lag med dei andre handelsstadene langs skipsleia. I 1702 fekk kjøpmennene i Bergen løyve til å opprette kremmarleier på landet, men eigaren måtte ha borgarskap i Bergen, og handelsstaden skulle styrast av ein gesell. Det hadde vore handelsstad på Kremmarholmen òg før den tid.

I 1707 var Dankert Dankertsen kjøpmann på Kremmarholmen og Fedje. På denne tida var det mest av Fedje underlagt kongen, han kjøpte gardane Husa og Kopper og sende samstundes førespurnad om å få kjøpe resten av Fedje for 50 riksdalar. Han fekk tilbodet om kjøp, men for 100 riksdalar, så kjøpet vart ikkje noko av. I 1737 kjøpte likevel fru Gjertrud Dankertsen resten av øya. Eigarskapet over Fedje gjekk i arv til 1700, då Kristoffer Kahrs, som då var kjøpmann på Kremmarholmen, kjøpte heile Fedje for 3200 riksdalar. Fedje gjekk i arv til godt ut på 1800-talet i Kahrs-familien.

Då grossisten Eriksen frå Stavanger tok over etter Kahrs-familien, vart Kræmmerholmen eit landhandleri. Her vart det seld brød, tobakk og brennevin, medan fiskarane salta fisken sin i naustet. Han gav så mykje kreditt at han rundt 1890 måtte leggje ned Kræmmerholmen og det var slutten for staden som handelsstad. Fram til 1969 vart husa nytta som privat bustad, men i 1971 med støtte frå Norsk Kulturråd starta ein oppussing av husa i eit prosjekt for verne dei gamle handelsstadane i landet.

Den gamle handelsstaden på Kremmarholmen vart seld til Foreningen for norske fortidsminnes bevaring i 1978. Hovudbygningen, frå der det vart drive handel- og gjestgjevari, er frå slutten av 1600-talet. Eit tilbygg med krambu vart bygd på 1800-talet. Dei restaurerte huset med mellom anna nytt tak. I 1990 fekk Kræmmerholmen AS med Fedje kommune som initiativtakar skøyte på husa, som vart restaurerte og ombygd til eit moderne kjøken. I 1991 starta selskapet restaurantdrift her, og i 1993 stod åtte nye rorbuer klare for å ta imot overnattingsgjester. I tillegg finst her eit museum som viser den gamle kystkulturen.

Frådelte tomtar[endre | endre wikiteksten]

Feie Fiskarlag fekk skøyte på ei tomt i 1946 kalla Vågeneset. Planane deira var å setje opp eit anlegg for mottak og foredling av fisk, men dette vart aldri noko av. Christian Bjelland & Co AS frå Stavanger tok over tomta i 1952 og bygde eit industribygg som stod ferdig i 1953. Her vart det starta produksjon av sardinar med 50-60 arbeidsplassar. I 1984 skifta selskapet namn til Norway Foods Ltd AS. Selskapet rasjonaliserte etter kvart sardinproduksjon og la ned fleire fabrikkar, mellom anna på Fedje. Sardinproduksjonen her stoppa opp i 1995. I 1997 kjøpte Havstad Tinn AS frå Nesodden i Akershus industribygget og har drive med produksjon av gåve- og bruksartiklar i tinn.

I 1985 kjøpte Holmfisk AS eit av bruka, Havnberg, på Kremmarholmen. Selskapet dreiv med fiskeoppdrett frå 1980, og bygget med kai vart brukt som landbase. Dei sette òg i gang ei oppussing og ombygging av anlegget. I 1989 tok Norfi As over fiskeoppdrettet, men dei heldt ikkje på lenge. I 1994 kom denne delen av bruket i privat eige og det vart opprusta og innreidd som serveringslokale. Det vart drive overnattings- og serveringsverksemd, og i 1996 opna Holmen Café.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Arvid Skogseth (1997). Fedje og folket: Gards- og ættesoge for Fedje. Fedje kommune.