Kretskort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit utsnitt av et kretskort med påmonterte komponentar.
Eit kretskort laga av skuleelevar

Kretskort vert nytta innan elektronikken til montering av elektroniske komponentar. I tillegg til å samle og halde komponentane fast, er oppgåva til kretskortet å lage elektriske forbindelsar mellom komponentane.

Kretskort er bygd opp av et isolerande materiale med eit lag kopar på kvar side. Under produksjonen fjernar ein uønska kopar ved hjelp av syre, slik at koparen som er igjen dannar forbindelsvegar mellom punkt på kortet, der ein ynskjer å plassere komponentane.