Kreuzeck-massivet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kreuzeck, fjelltoppen som har gitt namn til fjellområdet

Kreuzeck-massivet er eit område i fjellkjeda Hohe Tauern i Alpane i Austerrike. Området dekker ei flatevidd på ikring 450 km² og ligg i forbundslanda Kärnten og i Tirol. I nord dannar Mölltal grense for massivet, i sør Oberdrautal. Mot vest er Iselsberg grensepost mot Schober-massivet.

Høgste fjelltoppane er Polinik (2 784 moh), Striedenkopf (2 749 moh), Hochkreuz (2 709 moh) og Kreuzeck (2 701 moh). Kreuzeck-massivet består i hovudsak av gneis og glimmerskifer.

Kreuzeck-massivet vert nytta til sommarbeite for husdyr og skogbruk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]