Krigen med Sverige 1808–1809

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.


Skiløpar i kigen

Krigen med Sverige 1808–1809 var ein krig mellom Danmark-Noreg og Sverige som inngjekk i Napoleonskrigane og hovudsakleg vart utkjempa i grensetraktane mellom Noreg og Sverige. Danmark-Noreg hadde etter flåteranet i København i 1807 alliert seg med Frankrike og forplikta seg til å erklæra krig mot Sverige for å tvinga svenskane til å tiltre fastlandssperringen, som Napoleon hadde innførd som eit strategisk tiltak mot Storbritannia. Danmark-Noregs krigsmål var mellom anna å prøva å gjenerobre Skåne og andre provinsar som var tapt ved freden i Roskilde i 1658. Sveriges krigsmål var å erobra Noreg og å oppnå tollfridom i Øresund.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sidan Sverige hadde vore i krig mot Napoleon sidan 1805, og Danmark hadde inngått forbund med den franske keisaren og Russland, var det vanskeleg å unngå krig i Norden etter flåteranet. Freden i Tilsit 7.-9. juli 1807 gjorde slutt på den fjerde koalisjonskrigen. Russland og Preussen trekte seg ut, slik at berre to land var tilbake – Storbritannia og Sverige. Tsar Aleksander I forplikta seg til å tvinga Sverige til å bryta med Storbritannia dersom svenskane nekta å slutta fred på dei franske vilkåra. Danmark-Noreg slutta seg til det fransk-russiske alliansen etter at det dansk-franske forbundstraktaten var underteikna i Fontainebleau 31. oktober.

Sveriges konge, Gustav IV Adolf, nærde eit nesten fanatisk hat til Napoleon. Difor tok han ikkje omsyn til dei diplomatiske framstøytane, og den overveldande trusselen, men held fram å vera Storbritannias einaste allierte på det europeiske kontinentet. Napoleons krav til sine alliansepartnarar var å tiltre fastlandssperringa. Tsar Aleksander I, som hadde fått frie hender for ein aggressiv ekspansjonspolitikk i den russiske interessesfæren, fekk klarsignal frå Napoleon til å angripa Sverige vinteren 1808–1809 etter at det vart kjent at Gustav IV Adolf nekta å bøya seg for dei franske krava. 24 000 russiske soldatar rykte over grensa mot Finland den 21. februar 1808. Finskekrigen om herredømmet over Finland var i gang.

Det hadde vore intens diplomatisk aktivitet mellom utsendingar frå regjeringane i dei to land under opptrapping mot krigsutbrotet. I St. Petersburg frykta ein at Danmark-Noreg skulle gå frå sina forpliktingar som Russlands forbundsfelle, og ikkje delta i den planlagde tofrontskrigen mot Sverige. Men det dansk-norske regjering hadde inkje alternativ til å slutta seg til det russiske angrep på Sverige. Den 14. mars 1808 vart krigsfråsegna overlevert til Sverige etter at den var underskreven av regenten, kronprins Frederik. Dagen før krigsfråsegna vart motteken i Stockholm, døydde den sinnslidende kong Christian VII av slag som følgje av otte over nyhendet om at ein spansk-fransk hær har gått inn i Jylland. Danmark-Noreg fekk ein ny konge, samstundes som landet gjekk til krig mot Sverige som Frankrikes allierte.

Som svar på Danmark-Noregs krigsfråsegn, byrja svenskekongen å planleggja ein invasjon av Sjælland for å tvinga danskane til å slutta separatfred, men denne planen eksisterte berre på papiret. Dei utstasjonerte troppane i Sør-Sverige på omtrent 7 000 mann vart i staden disponert i ei defensiv stilling mot eit mogleg alliert angrep over det islagde Øresund. Til Stockholm var det kome meldingar om at Napoleon hadde sendt ein forbundsarmé som forsterkning til Danmark.

Den norske hæren[endre | endre wikiteksten]

Den norske hæren hadde vore førebudd på ein framtidig krig mot Sverige sidan hausten 1807. Men sidan hæren var nøydd til å oppretthalda eit sterkt kystforsvar mot angrep frå den britiske flåten som blokkerte kysten og hadde avskore sambandet mellom Noreg og Danmark, var felthærens tilstand dårleg i byrjinga av 1808. Medregnet landvernskompani og frivillige etter den omfattande mobilisering talde hæren om lag 25 000 mann. I tillegg kom kystvernet med ca. 10 000 mann.

Krigen[endre | endre wikiteksten]

Krigsførebuingane[endre | endre wikiteksten]

Etter at finskekrigen hadde brote ut, så regjeringa i København at situasjonen innbaud til henta fram den gamle og ofte freista planen om eit dansk hovudangrep mot Skåne synkronisert med eit norsk utfall over svenskegrensa mellom Svinesund og Trøndelag. Napoleon svara på anmodning frå København om forsterkningar med å senda 20-30 000 soldatar til å delta i den planlagde invasjonen av Skåne. Den norske hæren skulle angripa med 5 000 mann for å binda opp monalege svenske styrkar, samstundes som det allierte fremstøytet over Øresund fann stad.

Den 5. mars, få dagar etter at den dansk-norske regjeringa hadde valt, byrja marskalk Bernadotte, som no var fransk guvernør i Hamburg og dei andre Hansabyane, å marsjera mot Danmark med ein forbundsarmé på 32 000 mann. Men mykje tyder på at Napoleon ikkje hadde til føremål å la sina troppar gå til direkte aksjon. Etter at Bernadotte med store delar av forbundsarméen hadde slått leir på Sjælland, vart det ikkje gjeve nokon ordre om vidare framrykking mot utskipningshavnane i Danmark. Isen og sundet byrja å brytast opp i midten av mars. Til alles overrasking viste dei første britiske krigsskipa seg svært tidleg, medan isflaka enno lå ganske tett. Admiral Hyde Parker hadde lege i Göteborg vinteren 1807-08 med sin eskadre og kom difor særs tidleg av stad til Kattegat og Austersjøen. Bernadotte, som hadde mista verdfull tid medan han låg isfast, mista òg høvet til å sikra overfarten, før dei britiske krigsskipa kom.

Dei framande troppane på Sjælland, Fyn og Jylland vart meir ein byrde enn ei hjelp for Danmark. fo. Eit anna problem oppstod etter at nyhendet nådde Danmark om at Spania hadde gjort opprør mot Napoleon. Dei spanske troppane måtte då avvæpnast, og vert internert. I midten av april 1808 vart dei danske og franske plana om invasjon i Sverige avblåse. Danmark vart først kvitt dei siste framande troppane i desember 1808.

Etter det dansk-norske krigsfråsegna var overlevert i Stockholm 14. mars 1808, byrja Gustav IV Adolf å planleggja felttoget mot Danmark og Noreg, og det beslagla mesteparten av hans merksemd. Han hadde lenga ynskt å erobra Noreg, og så no eit høve til å verkeleggjera sit ynskje. Til trass for at det svenske forsvaret i Finland var hardt pressa av dei russiske invasjonsstyrkane, vart store delar av Vestarméen konsentrert mot Noreg for å gjennomføra ein avgrensa offensiv på kort varsel. Dei svenske krigsplana gjekk ut på, fyrst å la venstre fløy angripa ved Strömstad for å trekkja norske styrkar sørover, og deretter skulle høgre fløy gå fram i tre framstøt, med eit opphald på 24 timar mellom kvart. Føremålet med den svenske planen om separate framstøyt på fleire ulike stadar og tider var å forvirra nordmennene og samtidig å bryta seg gjennom på så mange stadar som mogleg.

Christian August, som hadde fått ordre frå København om å gjera innfall i Sverige med fem tusen mann, hadde gjort seg populær både i folket og mellom soldatane, som ga han tilnamnet «Gustenborgaren». Dei oppfatta han som ein gjevmild, omgjengeleg og dugeleg feltherre, som forstod sine norske troppar. Han hadde ervervet seg stor militær innsikt og krigsrøynsle. Etter at mobiliseringa av den norske hæren var gjennomførd i mars, kom dei alvorlege manglane på utrusting og forsyningar til å forseinka krigsførebuingane. Oppmarsjen var ikkje avslutta før 28. mars. Etter at han hadde fått kjennskap til den svenske vestarméens førebuingar, vedtok Christian August å satsa på eit forsvar med indre operasjonslinjer. Det lå enno mykje snø i grensetraktane, og det betydde at det ville verta vanskeleg å ta seg fram utanfor vegane. Christian August så dette som ein stor fordel for dei norske soldatane. Dei svenske offiserane oppfatta derimot snøen som ein alvorleg hindring for den planlagde offensiven.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]