Krigen mot terror

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Krigen mot terror
War on Terror montage1.png
Dato 11. september 2001–i dag
Stad Midtausten, Sør-Asia, Søraust-Asia, Afrikas horn, USA, flere...
Resultat Konflikt pågående
Partar
Hovedsakelig:
Flag of the United States.svg USA USA
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia Storbritannia
et. al.
Jihadflagget Al-Qaida et. al.
Styrkar
Hussein-irakiske styrkar:

Under invasjonenen (2003):
375 000
Geriljakrigføring (2003–):

  • Sunni-opprørarar:

~ 70 000 (2007)

~ 60 000 (2007)

~ 1300 (2006)

~ 1000 (2008)
Taliban-afghanske styrkar:
Under invasjonen:
Ukjent
Geriljakrigføring:
120 100 (2010)

Tap
Militære tap:
~25 500 drepne
51 600+ sårede
Militære tap:

Irak:
~30 000 – 60 000+ drepne (2010)
Afghanistan:
~15 000 – 30 000 drepne (2010)

Sivile tap:

Irak:
~30 000 - 1 000 000 + drepne[1][2][3][4][5][6][7][8]
Afghanistan:
~10 000 – 50 000 drepne[treng kjelde]

Amerikanske marinesoldatar i Afghanistan
George W. Bush erklærar Krig mot terror

Krigen mot terrorisme eller kampen mot terror er ei nemning for krigshandlingar, og dessutan tilfangetaking og rettsforfølging av sivile personar, leia av USA og dei næraste allierte med grunngjeving i å nøytralisera ein vag kategori av land og grupper som vert sett på som ein trussel mot USA og dei allierte sin tryggleik. Termen vart lansert av dåverande president George W. Bush i etterkant av Terroråtaka 11. september 2001. Sjølv om termen ikkje lenger vert brukt av Det kvite huset har kampanjen i stor grad vorte vidareført av president Barack Obama.

Krigen mot terrorisme pågår mellom anna i Afghanistan, Filippinane, Indonesia, Irak, Israel og Russland.

USA utpeikte i 2002 Iran, Nord-Korea og Irak til å inngå i det dei kalla vondskapens akse. Etter det amerikansk-leidde angrepet på Irak har sistnemnde vorte fjerna frå kategorien. Saman med land som Libya, Syria og til tider òg land som Cuba og Venezuela, omtalast desse av USA som «land som støttar terrorisme».[treng kjelde]

Mange menneskerettsorganisasjonar har kritisert krigen mot terror, fordi dei meiner den fører til at statane som fører krigen støttar udemokratiske regime som er deira taktiske allierte, og fordi det skjer menneskerettsbrot i fengsla der angivelege terroristar haldast løynleg, utan lov, dom eller tilgjenge til forsvarar. I USA meiner ei aukande mengd politikarar at sider ved krigen mot terror som Homeland Security Act undergrev amerikanske borgarar seg grunnlovsbestemte rettar og trugar demokratiet. Difor har president Bush hatt vanskar med å skaffa det fleirtalet han ynskjer for å få denne loven fornya.[9][10]


Rapporten «Cost of Major U.S. Wars» anslo i juli 2010 at krigen mot terror (sidan 11. september 2001) har kosta USA 1,15 billionar dollar (i overkant av 7,25 billionar norske kroner: Justert i tilhøve til inflasjon, er dette den dyraste krigen sidan andre verdskrig.[11]

President Barack Obama i USA (2009–2017) har nokre gonger avvist termen "krigen mot terror" som villeiande og upresis. Det same gjeld uttrykket "global".[12] Han erklærte 23. mai 2013 at den globale krigen mot terror var over, og han sa at militære og etterretning ikkje ville drive krigføring på taktisk nivå, men heller forkusere på spesifikke nettverksgrupper som hadde klare mål i øydelegging av USA. [13] Den 28, december 2014, annonserte Obama-administrasjonen slutten på dei militære operasjonane fra USA i Afghanistan..[14] På hausten same året, kom Den islamske staten til syne som terrormakt i Midt-Austen, og Obama måtte setje i gang den sokalla "Operasjon Inherent Resolve".

President Donald Trump sa under valgkampen at "ein må "ta ut" familien til terroristane når dei seier at dei ikkje bryr seg om eige liv" Då han vart spurd om kva han meinte med å "ta ut", sa han at ein måtte utsletta heimane deira og "der dei kom ifrå" [15]

Dersom ein med vilje angrip ikkje-stridande, er dette eit alvorleg brot på Genèvekonvensjonane og andre aspekt ved internasjonal lov.[16] Jonathan Russell, leiar for den antiradikaliseringspolitiske tankesmia Quilliam, åtvara mot at Trump sin antimuslim-retorikk vile hjelpe ISIL til å få meir stød og radikalisere fleire muslimar. [17]

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Islamistiske terrorgrupper utførde fleire angrep mot amerikanarane og deira allierte gjennom slutten av det 20. århundret, som vart til tider svara med militære angrep. Etter at dei amerikanske ambassadane i Kenya og Tanzania vart bomba den 7. august 1998, innleidde president Bill Clinton Operasjon Infinite Reach, med føremål å bomba mål assosiert med Al-Qaida i Sudan og Afghanistan.

Den 12. oktober 2000 vart den amerikanske destroyeren USS «Cole» angrepen i Aden hamn, og den 11. september 2001 vart fire sivile fly kapra av sjølvmordaktivistar, der to av dei vart styrta inn i høgblokkene på World Trade Center i New York, eit tredje fly vart styrta inn i hovudkvarteret til forsvarsdepartementet Pentagon i Washington D.C., medan det siste flyet gjekk i bakken i Pennsylvania. Etter dette angrepet vart det kravd av det amerikanske folket at ein skulle hemna seg på dei ansvarlege for angrepet.

Dei første aspekta av krigen mot terrorisme kom frå SNs sikkerhetsråd, som med UNSC Resolusjon 1373 kravde at alle statar skulle kriminalisera stød til terrorisme, nekta finansiell støtte og tilfluktsstad til terroristar og dela informasjon om terrorgrupper i gang med å planleggja angrep. Den 4. oktober 2001 innleidde NATO Operasjon Active Endeavour, med mål å auka mengda av tryggleikssjekk i middelhavsområdet. Etter at Taliban nekta å svara på ultimatumet om å utlevera al-Qaida medlemmar i Afghanistan byrja USA og deres NATO-allierte og bomba mål mot Taliban og al-Qaida den 7. oktober 2001.

Nordalliansen, støtta av amerikanske spesialstyrkar, innleidde ein bakkeoffensiv som hadde teke kontroll over størsteparten av Afghanistan ved byrjinga av 2002. Medan kampane heldt fram i Afghanistan, vart krigen mot terror utvida til Filippinene, der amerikanske spesialstyrkar støtta den Filippinske hæren med å kjempa mot element av al-Qaida, Jemaah Islamiyah og Abu Sayyaf. Krigen mot terror vart òg utvida til Afrikas horn, der NATO-allierte byrja å trena etiopiske og djiboutiske soldatar i metodar til å kjempa mot terroristar og opprørarar.

Den 20. mars 2003 utvida USA, Storbritannia og ein koalisjon av villige land krigen mot terrorisme til Irak, med målet å fjerna Saddam Hussein frå makta på grunn av hans påståtte lagre av masseøydeleggingsvåpen og stød til terrorisme. Invasjonen av Irak var kontroversiell, og millionar av menneske verda over protesterte imot krigen då koalisjonen gjekk inn utan støtte frå SN. Den 1. mai hadde koalisjonen vellukka fjerna han frå makta, men den raske sigeren vart etterfulgt av eit blodig opprør mellom sunni- og sjiamuslimar, støtta av al-Qaida og andre militante grupper. Såleis spreidde opprøret seg til Afghanistan, og deira mange grensekryssninger inn i Pakistan leidde pakistanerne til å utvida kampen mot terrorisme til Waziristan i 2004 for å nedkjempa elementa av Taliban og al-Qaida som oppheldt seg der.

Land der terrorangrep utført av islamistiske terroristar har vorte utførd på eller etter den 11. septemberen 2001.

I 2006 spreidde krigen mot terror seg til Aust-Afrika då Etiopia gjekk inn i Somalia for å støtta den somaliske regjeringa og krigsherrane mot Den islamistiske rettsunionen, ein det den islamske geriljaen med målet å innføra eit islamisk rettssystem basert på Sharialoven med sjeik Sharif Ahmed som den øvste leiaren. I løpet av sommaren hadde geriljaen teke over kontroll over hovudstaden Mogadishu, og dessutan dei viktige byane Johwar, Kismayo, Beletweyne, Dusa Mareb, Hobyo, og dessutan mange andre mindre byar, og skulle til å nedkjempa regjeringsstyrkane #seg siste tilholdssted då Etiopia (med amerikansk støtte) gjekk inn og nedkjempa geriljaen i ei rekkje slag ved Baidoa, Bandiradley og Beledweyne. Islamistene trekte seg tilbake til hovudstaden Mogadishu, men måtte òg flykta herfrå den 28. desemberen 2006. Islamistene forlét Mogadishu i kaos og flykta sørpå til Kismayo, som dei tapte etter eit slag ved Jilib. Etter at dei i 2007 tapte stort set heile deres tidlegare territorium, vert spekulert det no om, at rørsla vil starta ein geriljakrig mot regjeringa.

I 2007 byrja den amerikanske "surge"-strategien å ta effekt i Irak, og i slutten av året hadde mengda av angrep og døde minska dramatisk fleire stadar, men i Afghanistan byrja Taliban å auka sin aktivitet i Sør-Afghanistan att, og hadde teke kontroll over byen Musa Qala i byrjinga av februar, men byen kom igjen under afghansk og ISAFs kontroll etter at Taliban trekte seg tilbake frå byen den 12. desember.

Islamistane sin tilstedeværelse i Pakistan auka òg dramatisk i løpet av 2007. I mars-april klarte pakistans militære å nedkjempa Usbekistans Islamistiske Rørsle si tilstedeværelse i det sørlege Waziristan. Den aukande tilstedeværelsen av al-Qaida og Taliban i grensetraktene mellom Afghanistan og Pakistan (Waziristan i særdeleshet) har resultert i fleire kamphandlingar mellom islamister og pakistanske militæreiningar og terrorangrep mot sivile, militære og regjeringsmål, blant anna attentatforsøket på innenriksminister Aftab Ahmad Khan Sherpao, terrorangrepet i Karachi og attentatet mot Benazir Bhutto.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistic of Wars, Oppression and Atrocities of the Twenty-First Century
  2. Iraq Body Count (107 966 sivile irakere)
  3. Wikileaks (109 000 irakere - 63 % sivile - drept (15 000 flere drepne enn tidligare kjend) Arkivert 25. oktober 2010 på Wayback Machine.
  4. 100 000 - 150 000 ifølge det irakiske helsedepartementet og likhuset i Bagdad
  5. Problemer med å telle de døde - Dagbladet
  6. Har verden glemt Irak-krigen? : Dagsavisen (Minst en million mennesker har mistet livet i Irak-krigen som følge av løgnene og taxisladderen. Høsten 2006 konkluderte et av verdens mest respekterte medisinske tidsskrifter, «The Lancet», med at antall døde i Irak fra 2003 til 2006 var 650.000 mennesker. I januar 2008 gjennomførte britiske Opinion Research Business (ORB) andre del av en undersøkelse som skulle kartlegge antall døde under Irak-krigen. Konklusjonen var at antallet lå i overkant av en million mennesker... Arkivert 1. september 2010 på Wayback Machine.
  7. 100.000 døde etter Irak-krigen - Nettavisen
  8. 151,000 siviledrept siden Irak-invasjonen | Verdensnyheter | The Guardian (Iraks regjering bekrefter tallene)
  9. Borhan Uddin Khan and Muhammad Mahbubur Rahman, “Combating Terrorism under Human Rights and Humanitarian Law Regime”, Mediterranean Journal of Human Rights, Vol. 12 (Double Issue), 2008, pp.379-397.
  10. «Civil Rights and the "War on Terror"». www.amnestyusa.org. Arkivert frå originalen 15 juni 2010. Henta 2 maj 2010. 
  11. http://www.abcnyheter.no/node/114006
  12. White House: ‘War on terrorism’ is over August 6, 2009.
  13. Obama: 'Global War on Terror' Is Over
  14. U.S.-led mission in Afghanistan ends combat role; thousands of foreign troops remain
  15. name="Jeremy Diamond, CNN"
  16. name="PolitiFact"
  17. Jonathan Russell (December 9, 2015), Why Trump is playing right into ISIS' hands, CNN, http://www.cnn.com/2015/12/08/opinions/trump-isis/ 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]