Krigsbrotsverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Krigsbrotverk er ei straffbar handling under internasjonal lov som inneber folkerettslege brot av krigsreglar mot ein person, anten han eller ho er militær eller sivil. Krigslovbrot er ei straffbar handling i form av brot på lover og skikkar for krigføring. Handlingane kan vere utført mot andre soldatar, mot sivile personar eller mot eigedom i okkuperte område.

Krigslovbrot omhandlar mellom anna, men er ikkje avgrensa til mord eller mishandling og tortur av krigsfangar eller sivile, plyndring eller vilkårleg øydelegging av eigedom, øydeleggingar utan noko militær årsak, og brot på normer og reglar som for eksempel respekten for kvitt flagg som teikn på ein våpenkvile eller å misbruke eit kvitt flagg til snikåtak på fiendtlege styrkar. Ved eit massemord i krigstid kan delar av handlinga vere klassifisert som eit krigslovbrot, medan andre ting går under det meir generelle omgrepet lovbrot mot menneskeheita.

Krigslovbrot er eit viktig punkt i internasjonal humanitær lovgjeving. I fleire tilfelle har internasjonale tribunal blitt samankalla for å straffeforfølgje krigsforbrytarar, som for eksempel i Nürnbergprosessen, Det internasjonale krigsforbrytertribunalet for det tidlegare Jugoslavia og Det internasjonale krigsforbrytertribunalet for Rwanda. Det er vanleg at krigslovbrot gjort av den sigrande parten i ein krig ikkje blir forfølgd, best illustrert ved Nürnbergprosessane, noko som har fått fleire til å stille spørsmål ved slike prosesser. Domstolane oppretta i nyare tid av f.eks. FN er meininga å vere nøytrale og dømme krigsforbrytarar frå alle nasjonar heilt likt, men dette har også blitt gjenstand for kritikk frå enkelte organisasjonar.[treng kjelde]

Krigsbrotsverk kan skje som ei følgje av både internasjonale og intern konflikt. Formelt sett var tidlegare krigsbrotsverk avgrensa til internasjonale konfliktar, men dette har forandra seg etter som ulike menneskerettsorganisasjonar har fått meir makt og vorte meir synlege. Døme er Oxfam International, Amnesty International og UNWRA.

Krigsbrotsverk, som til dømes landsvik, har eksistert i vanleg lov hjå ulike sivilisasjonar i mange hundre år. Under Haagkonvensjonane i 1899–1907 vart mange av desse universale reglane om krigsbrotsverk teke med som del av den internasjonale loven. Den fjerde Haag-konvensjonen (18. oktober 1907) kom med ein artikkel som er delt inn i ulike kapittel som mellom anna omhandlar handsaminga av:

Artikkel 22 seier mellom anna at «Retten til dei stridende til å skada fienden ikkje er uavgrensa, og i laupet av dei siste hundre åra har det vorte mange nye lovar som set grenser for dei stridande.» Somme av desse reglane, som t.d. Haag-konvensjonen, vert rekna som ein del av vanleg internasjonal lov, og er bindande for alle. Andre reglar gjeld berre for medlem av organisasjonar som har godteke dei. Døme på dette er avtaler om bruk av biologiske og kjemiske våpen, og bruken av ulike typar ammunisjon. Det moderne konseptet av krigsbrotsverk vart utvikla vidare under Nürnbergprosessen med vekt på innhaldet i dokumenta frå Den militære domstolen i London, som vart publisert 8. august 1949.

Den 1. juli 2002 vart Den internasjonale krigsbrotsdomstolen i Haag oppretta for å føra saker som omhandlar krigsbrotsverk utført på eller etter denne datoen. USA, Kina, India og Israel er mellom fleire som har kritisert domstolen, og nektar å godta at domstolen har nokon juridisk legitimitet.

Fleire tidlegare statsoverhovud har blitt tiltalt for krigslovbrot. Desse inkluderer Karl Dönitz frå Tyskland, Hideki Tojo frå Japan og Charles Taylor frå Liberia. Slobodan Milošević blei også tiltalt for krigslovbrot, men han døydde før prosessen var ferdig. Det har ved fleire høve blitt hevda at lovgjevinga i samband med krigslovbrot favoriserer sigerherrane i krigen. Døme på dette er dei allierte sine øydeleggingar av sivile mål under begge verdskrigane, bruken av atomvåpen over Hiroshima og Nagasaki, samt den indonesiske okkupasjonen av Aust-Timor som varte frå 1976 til 1999.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne rettsvitskapsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.