Krigsmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Krigsmann er ein juridisk status som viser til ein militærperson i aktiv militær teneste. Dette kan vera fastlønna militære tenestemenn, vernepliktige befalingsmenn og meinige i tenestetida, frivillige som tenestegjer ved den væpna makta og visse sivilmilitære personar. Definisjonen av krigsmann er gjeven i den militære straffelova av 22. mai 1902 § 4. Omgrepet har tyding for militær strafferett, ettersom straffbarheiten av nokre militære brotsverk er betinga av at handlinga er begått av eller mot krigsmann.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Krigsmann» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 21. november 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]