Krigsskadeerstatning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Krigsskadeerstatning er i norsk innanlandsk samanheng ei erstatning for skade på norsk eigedom i Noreg, inklusive Svalbard, Jan Mayen og bi-landa, dersom skaden er ein beinveges følgje av at Noreg er i krig eller krigstilstand, utan at det vanlegvis er avgjerande korleis skaden vart valda. Både for skade på fast gods, lausøyre eller økonomiske interesser kan det krevjast skadebot. Nærare reglar om dette er fastsett i Lov om erstatning for krigsskade på eiendom og interesse (krigsskadeerstatningsloven), og føresegner i medhald av denne lova.

Krigserstatning[endre | endre wikiteksten]

Skadebotoppgjer mellom land eller statar etter krig mellom dei, som gjerne vert fremja som eit diktat frå den sigrande parten overfor den tapande parten, vert kalla krigserstatning.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]