Krimgotisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krimgotisk
Klassifisering: Indoeuropeisk
 Germansk
  Austgermansk
   Gotisk
Bruk
Var tala i: Krim
Språkkodar
Glottolog: crim1255

Krimgotisk er ein dialekt av gotisk som vart tala av krimgoterane i nokre isolerte område av Krim, kanskje inntil så seint som 1700-talet.

Svært lite av det krimgotiske språket har overlevd; all kunnskap om det byggjer på eit brev av den flamske 1500-talsambassadøren Ogier de Busbecq, som gjev ei liste på om lag 80 ord og litt innsikt i grammatikken. Nokre av ord nedskrivne av de Busbecq er tydeleg germanske. Innsamlinga kan vera prega av hans eige flamske språk og det at den eine av informantane hans hadde gresk som morsmål og krimgotisk som andrespråk medan den andre var ein opphavleg talar av krimgotisk som hadde gått over til gresk.

Døme:

Krimgotisk Norsk Engelsk Bibelgotisk Tysk Nederlandsk Færøysk Islandsk Svensk Dansk
apel eple apple apls (m.) Apfel appel súrepli epli (vild-)apel, äpple æble
handa hand, hånd hand handus (f.) Hand hand hond hönd hand hånd
schuuester syster, søster sister swistar (f.) Schwester zus(ter) systir systir syster søster
hus hus house -hūs (n.) Haus huis hús hús hus hus
reghen regn rain rign (n.) Regen regen regn regn regn regn
singhen syngje, synge sing siggwan (vb.) singen zingen syngja syngja sjunga synge
geen go gaggan (vb.) gehen gaan ganga ganga

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]