Kriminalomsorga
Kriminalomsorga er ein norsk statleg etat som har ansvar for gjennomføring av varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som tryggjer samfunnet og som motverkar straffbare handlingar. Etaten ligg under Justis- og beredskapsdepartementet som eit direktorat.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Etaten vart i byrjinga kalla «Fængselsstyrelsen» (seinere skrive «Fengselsstyret») i 1875 og var ei avdeling i Justis- og politidepartementet, leia av ein direktør (som samstundes hadde rang som ekspedisjonssjef). Fengselsstyret vart lagt ned i 2002 og Kriminalomsorgas sentrale forvaltning som seinare vart Kriminalomsorsdirektoratet kom i staden.
Organisering[endre | endre wikiteksten]
Kriminalomsorga er organisert i eit hierarki som består av tre nivå: Kriminalomsorgsdirektoratet, eit regionalt nivå (leia av ein regiondirektør på 5 stader som driv sakshandsaming) og eit lokalt nivå som vil seie det einskilde fengsel eller friomsorgskontor. Kriminalomsorga fekk i 2014 i oppdrag frå leiinga i departementet å utreie ein ny organisasjonsmodell der det regionale nivået kunne takast bort.
I tillegg kjem òg Kriminalomsorgas utdanningssenter (KRUS), der dei som skal arbeide i etaten får si utdanning.
Fengsel i Noreg[endre | endre wikiteksten]
Liste over fengsel i Noreg i 2015[1]
I Nederland: |
Galleri: Norske fengsel[endre | endre wikiteksten]
Bilete frå nokre norske fengsel
«Overgangsbolig»[endre | endre wikiteksten]
Liste over overgangsboliger i Noreg i 2015[1]
Friomsorgskontor i Noreg[endre | endre wikiteksten]
Liste over friomsorgskontor i Noreg i 2015[2]
|
|
|
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
- Varetektsfengsling
- Dom
- Prøvelauslating
- Forvaring
- Fengselsbetjent
- Elektronisk fotlenke
- Samfunnsstraff
- Ulvsnesøy
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 Finn fengsel www.kriminalomsorgen.no
- ↑ Finn friomsorgskontor www.kriminalomsorgen.no
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Nettstaden til Kriminalomsorgen
- Barn på besøk i fengsel
- Ord og uttrykk i Kriminalomsorgen Arkivert 2015-07-15 ved Wayback Machine. For Fangers Pårørende