Kringsjå i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kringsjå T-banestasjon og litt av Kringsjå studentby

Kringsjå er eit bustadstrøk i bydelen Nordre Aker i Oslo, hovudsakleg med blokker og rekkjehus.

Kringsjå ligg sør for Sognsvann og grensar mot Nordmarka i nord og vest, mot strøka Sogn i sørvest, Nordberg i søraust og Korsvoll i aust. Grensene for Kringsjå fylgjer vegane Kringsjågrenda og Carl Kjellsens vei.

Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus sine studentbyar Kringsjå og Fjellbirkeland ligg i den vestlege delen av strøket. Riksarkivet og Statsarkivet i Oslo ligg òg i dette strøket, i nærleiken av Sognsvann T-banestasjon ved Sognsvann. Det same gjer Norges idrettshøgskole.

Det viktigaste kollektivtrafikksambandet er T-banen (Sognsvannsbanen), line 6 Sognsvann-Ringen, til Kringsjå stasjon og Sognsvann stasjon.