Krist kirkegård

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Krist kirkegård
Christ kirkegard.JPG
Krist kyrkjegard. I bakgrunnen loggia som høyrer til gamle Deichmanske bibliotek, nordfløy som ikkje vart bygd. (Foto: Helge Høifødt)

Krist kirkegård
59°55′0″ N 10°44′50″ E

Krist kirkegård er ein freda kyrkjegard i Oslo som ligg i GrubbegataHammersborg.

Kyrkjegarden vart laga i samband med flyttinga av byen flytt etter storbrannen i 1624. På området ved kyrkjegarden vart det først sett opp eit lite kapell av tre i 1626, kalla Christkirken, i påvente av den permanente kyrkja. Christkirken fungerte som gravkapell fram til det vart rive i 1756.

Peststøtta på Krist kyrkjegard er det eldste offentlege monumentet i Oslo.
Foto: Paal Sørensen, 2006

Etter eit pestangrep i 1654 trengde ein fleire gravplassar. Det vart laga rom for desse ved Christkirken, hovudsakleg for døde soldatar frå Akershus festning. Dei døde er heidra med eit eige monument, Peststøtta frå 1654. På grunn av at kyrkjegarden i hovudsak vart brukt til militære, gjekk han under namnet Krigskyrkjegarden på folkemunne.

Etter eit kolera-angrep i 1835 vart kyrkjegarden mellombels utvida heilt ned til Møllergata. I 1946 vart Grubbegata anlagd og delte kyrkjegarden i to. Den nedre delen mellom Grubbegata og Møllergata vart gjort om til dagens Kristparken i 1964. Den noverande kyrkjegarden gjekk ut av bruk i 1924 og stod avlåst til han vart rehabilitert i 1999.

I sør grensar kyrkjegarden til den gamle Deichmanske bibliotek-bygningen (hovudbibliotek 1933–2019) og Svenska Margaretakyrkan.

Gravene til ekteparet Fleischer, med identiske smijernkrossar.
Foto: Paal Sørensen, 2006

Kjende personar gravlagt på kyrkjegarden[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]